NRK Meny
Normal

Flåmselvi har stige kraftig dei siste timane

Vatnet stig raskt i Flåmselvi og er venta å halde fram med å stige. Ordføraren er no på synfaring i området.

Gå til forsiden

Sjå bileta frå høg vassføring i elvane

Lærdalselva

Sjå bileta frå høg vassføring i elvane

20 bilder

    Vatnet i Flåmselva stig kraftig

    STIG FRAMLEIS: Situasjonen i Flåmselvi er spesielt kritisk lengst nede, der reparasjonane etter storflaumen i fjor enno ikkje er ferdige.

    Foto: Arne Veum / NRK

    Dei siste målingane viser at vassmengdene i elva har auka frå 103 til 113 kubikkmeter i sekundet berre dei siste to timane. Saman med ein entreprenør er ordføraren på staden for å sjå om det er naudsynt å setje inn tiltak.

    – Under flaumen sist oktober var det oppe i 250 kubikk i sekundet, så det er langt unna dei vassmengdene som var då. Men dette er mykje vatn og viss det stig ytterlegare, må me vera ekstra observante, seier Distad.

    Håpar å unngå nye flaumskadar

    Ordføraren seier dei forventar at vatnet vil stige enno meir.

    – Vi har fått prognosar som viser at det ikkje blir så veldig store nedbørsmengder, men det er vanskeleg å seia kor byene vil treffe, seier Distad.

    Eit anna lyspunkt er at temperaturen i høgfjella er forventa å gå kraftig ned, noko som vil minke tilsiget til vassdraga som følgje av snøsmelting.

    – Sånn sett håpar me at me ikkje vil få nokon kjempestor flaum, men i timane framover så vil vatnet stiga. Og det er ein situasjon som me må følgja nøye, seier Distad.

    Reparering i Flåmselva

    REPARERER ELVA: Plastring som rasa ut torsdag vert no forsterka ved Brekkehagen i Flåmsdalen. Sidan flaumen i fjor har arbeidet med å reparere elva pågått kontinuerleg.

    Foto: Arne Veum / NRK

    Etter storflaumen i oktober i fjor har dei jobba kontinuerleg med å reparere elva etter øydeleggingane. Dei førebyggande tiltaka ser ut til å fungere øvst i elva, men spenninga er større lenger nede, der arbeidet enno ikkje er fullført.

    – Der kan elva på enkelte punkt gå over sine breidder. Det må vi vere merksame på, seier Distad, som seier dei òg følgjer nøye med i Underdal og Nærøy.

    Inspiserer elva etter raset

    I Luster er ordførar Ivar Kvalen på plass i Krundalen saman med ein geolog frå NVE. Der gjekk det i går eit stort jordras som tok med seg uthus og fleire sauer.

    – Me ønskjer å sjå på elveløpet der for eventuelt å gjera tiltak med tanke på dagane som kjem, seier Kvalen.

    Enno er det ikkje meldt om problem i kommunen og ordføraren føler førebels dei har situasjonen under kontroll. Vassdraga i Mørkridsdalen og Fortunsdalen blir følgt ekstra tett.

    – No gjeld det å følgje med om vasstanden skulle bli kritisk. Og så har vi vore i kontakt med ein del personar med eigedomar som ligg mest utsett til, seier Kvalen.

    Foto: Stine Kyrkjebø Johansen - Reporter: Halvor Farsund Storvik

    VIDEO: Søndag føremiddag blei dyr og bygg teke av eit stort jord- og skredras i Krundalen i Luster.

    Følgjer utviklinga tett

    I Stryn har regnet kome, men førebels ser elvene ut til å ta unna.

    – Det som er vår store uro er at intensiteten på regnet skal auke og at vi får større vassføring i elvene våre, seier ordførar Sven Flo.

    Kommunen førebur no eit koordineringsmøte, der dei vil førebu seg på det som er i vente og vurdere kva tiltak som trengst.

    I Årdal er det forventa at det største trykket vil komme i Utladalen. Kommunen har no både teknisk drift og brannmannskap i beredskap og held løpande kontakt med lensmannen og beredskapsavdelinga hos Fylkesmannen om situasjonen.

    – Vi følgjer heile tida med på kva som skjer. Akkurat no er det oransje beredskap. Eg har fått melding om at den kan bli trappa ned til gult nivå i løpet av morgondagen, viss det ikkje kjem alt for mykje nedbør, seier rådmann Olve Fossetun.

    Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
    Teaterfestivalen i Fjaler  
    Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå