Hopp til innhold

Flåmsbana vert skjerma for konkurranse

Flåmsbana skal ikkje setjast ut på anbod dei neste ti åra, men ha det same eigarskapet som i dag. Samferdsledepartementet har bestemt at bana skal unnatakast frå konkurranse fram til 2027.

Turistar tek bilete frå Flåmsbana

POPULÆRT: i år kan nesten ein million menneske nytte seg av Flåmsbana, eit ynda turistmål.

Foto: Sverre Hjornevik

– Vi er veldig glad for det, for det gjev oss ein ro og føreseielegheit som gjer det mogleg å utvikla Flåmsbana som produkt vidare. Det seier Solrun Hjelleflat i Aurland ressursutvikling.

Saman med NSB har dei drive Flåmsbana i tospann sidan 1998 og det er det samarbeidet som no skal halde fram dei neste ti åra.

Solrun Hjelleflat, Aurland ressursutvikling

SKAL UTVIKLE FLÅMSBANA: Solrun Hjelleflat i Aurland ressursutvikling.

Foto: Privat
Treng tid til å utvikle Flåm som reisemål

– Flåmsbana er ein integrert del av det som vi kallar destinasjonen Flåm, og det som er viktig for oss er å utvikle alle dei ulike delane av denne destinasjonen over tid. Det får vi høve til no.

Om bord på Flåmsbana

ÆRVERDIG: Det er fint og flott innvendig på Flåmsbana

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Marianne B. Einarsen som er konserndirektør for reiseliv i NSB, er tydeleg på at ei turistrute slik som Flåmsbana ikkje egnar seg for konkurranseutsetjing.

Marianne B. Einarsen i NSB

NØGD: Marianne B. Einarsen likar godt at NSB slepp å konkurrere med andre om å drive Flåmsbana

Foto: NSB

– Egnar seg ikkje for konkurranse

– Reiselivsnæringa er ei heilt anna type næring enn transportnæringa. Den har heilt andre drivkrefter i seg, og det å ha stabile rammer rundt oss når vi skal gjere den jobben med å selje Flåm i utlandet, det er veldig viktig for oss.

Ho fortel at utanlandske turistar som tingar gruppeturar, gjerne ringjer og bestiller eit eller to år i førevegen. Då meiner ho det er viktig å tenkje langsiktig i eigarskap og drift.

Flåmsbana på Myrdal stasjon

SYTTIFEMÅRING: Flåmsbana var 75 år gamal tidlegare i år

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Verdas vakraste

Flåmsbana har frå fleire hald vorte skildra som ei av dei vakraste togreisene ein kan ta i heile verda. Einarsen i NSB har trua på at dei skal halde fram med å trekkje til seg fleire turistar.

– I år ser vi at vi kan få meir enn 900 000 reisande på dette vesle togstrekket i hjartet av fjordnoreg, eg trur at potensialet her er endå større.