Hopp til innhold

Flåmsbana tagga ned

To vogner er tekne ut av trafikk etter tagginga.

Flomsbana

TAGGA NED: To av vognene på Flåmsbana blei tagga ned natt til fredag.

Foto: NRK-tipsar

– Dette er heilt fortvilande, seier Alf Sigurd Strømsnes, driftsleiar på Flåmsbana.

Det er natt til fredag at to vogner skal ha blitt spraya ned av taggarar.

Det var Sogn Avis som først melde om saka.

Ute av drift

Dei to vognene er fredag tekne ut av drift. Ifølgje Sogn Avis er NSB kontakta lokalt i Oslo.

– Vi kan ikkje køyre med desse vognene slik dei er no, seier Strømsnes.

Han fortel at dei har vore ute for tagging tidlegare, men at det ikkje har vore i eit like stort omfang.

Flåmsbana

UTE AV DRIFT: Dei to vognene er tekne ut av trafikk som følgje av hendinga.

Foto: NRK-tipsar

Politimelder saka

Driftsleiaren vil ikkje kommentere kor mykje pengar dei tapar på at vognene er ute av trafikk, men seier at trafikken aukar, og at dei i utgangspunktet treng kapasiteten.

Saka blir meldt til politiet.