Hopp til innhold

Flåmsbana stengd i to veker til etter skadeflaumen

Flaumen i Aurland i førre veke gjorde skade for ni millionar kroner på Flåmsbana. Både steinfylling, pukk og delar vart sopt vekk av den flaumstore elva.

Skadar på Flåmsbana

STORE SKADAR: Den flaumstore elva tok vegen gjennom jernbanetunnelen og vaska vekk mykje av steinfyllinga under jernbanesporet.

Foto: Jernbaneverket

Kommunikasjonssjef Inge Hjertaas i Jernbaneverket seier flaumen gjorde store skadar på ei om lag 250 meter lang strekke av bana ved Melhus.

– Det positive er at det er på eit relativt kort parti. Omtrent all skade skjedde der oppe.

Under store skadeflaumen i slutten av oktober vaks Flåmselva seg så stor at den gjekk over sine breidder langt opp i Flåmsdalen. Blant anna fann elva seg nytt løp gjennom tunnelen ved Melhus, like ovanfor Berekvam stasjon om lag midtveges på Flåmsbana.

– For å sitere ein av dei som for ned frå Myrdal for undersøke under flaumen: «Det var litt skummelt når det såg som vi fekk bølgene mot oss.»

– Vi snakkar om at ein får bølger mot seg i jernbanesporet på Flåmsbana 400 meter over havet. Det rann rett og slett over. Det var ein situasjon som eg ikkje trur noko har sett før på Flåmsbana.

(SAKA HELD FRAM UNDER BILETET)

Skadar på Flåmsbana

UTRAST MUR: Banesjef Bjørn Skauge vurderer skadane nedanfor Melhus tunnel.

Foto: Jernbaneverket

På sin veg gjennom jernbanetunnelen tok elva med seg all pukken i sporet og toppen av steinfyllinga under sporet, men størst skadar gjorde leva likevel rett nedanfor tunnelen.

– Her har den rive med seg ein mur. Her eng spore i lause lufta, og under er det rett ned juvet, og her det bratt.

Stengd i 14 dagar

Jernbaneverket reknar med at Flåmsbana blir stengd i om lag 14. dagar til. Det må blant anna leggast nytt fundament under sporet før det igjen kan settast på trafikk

(SAKA HELD FRAM UNDER VIDEOEN)

Opplev ei av dei mest spektakulære togreisene her til lands frå orkesterplass. Bli med minutt for minutt frå høgfjell til fjord. Reisa startar på Myrdal stasjon på Bergensbanen og snor seg frå 866 moh. ned til Flåm ved Sognefjorden.

Har de pengar til reparasjonane som må til?

– Det blir ein skål vi må ta etterpå. Skal vi få trafikk på Flåmsbana igjen så må dette ganske enkelt berre gjerast. Om det då blir tilført spesielle midlar, eller om det må omdisponerast innanfor eksisterande budsjett, det veit eg ikkje.