Hopp til innhold

Flåmsbana opna for trafikk att

Flåmsbana er opna for trafikk att etter at eit snøskred knuste eit rasoverbygg og øydela køyreleidninga fredag.

Ras på Flåmsbana

STORT SKRED: Snøskredet knuste eit rasoverbygg på Flåmsbana fredag kveld. Eitt døgn etter var toga i drift att.

Foto: Jernbaneverket

Thor Erik Skarpen

PRESSEVAKT: Thor Erik Skarpen.

Foto: Thor Erik Skarpen

Den populære togbana i Aurland vart opna i 20-tida laurdag kveld.

– Vi hadde opp eit klatrelag som tok ned resten av ein snøskavl som stod klar til å rase. Vi fekk også tatt ned rasoverbygget og ordna køyreleidninga. Det var ganske raskt jobba, seier pressevakt Thor Erik Skarpen i Jernbaneverket.

Nytt overbygg til hausten

Ras på Flåmsbana

SKADE: Skredet gjorde omfattande skade på rasoverbygget og reiv emd seg køyreleidninga.

Foto: Jernbaneverket

Snøskredet som knuste rasoverbygget var rimeleg stort, og Skarpen seier bileta frå øydeleggingane seier sitt.

Sivert Bakk, driftssjef for Flåmsbana, rekna laurdag med at kring 400–500 passasjerar ikkje fekk si planlagde reise med bana.

– Snøoverbygget skal setjast opp att til hausten, men det viktigaste for oss var å få i gang att togtrafikken. Det ville tatt lang tid om ein skulle vente på at eit nytt overbygg stod klart, seier Skarpen.

– Så det er ikkje fare for at det kjem ned fleire snøskred?

– Geologen har vore der og sett, og klatrelaget har tatt ut det som er fare. Slik situasjonen er no, så er det ikkje rasfare. Då hadde vi ikkje opna bana att.