NRK Meny
Normal

Flåm skule får ny bru til skulestart

FLÅM (NRK): Ni månadar etter at flaumen reiv med seg brua til skulen, står ei ny bru klar i Flåm i dag.

Distad ved Flåm skule

NY BRU: Ei ny bru blir sett opp i rekordtempo over elva til Flåm skule. Ordførar Noralv Distad er nøgd med å ha fått på plass ei mellombels løysing før skulen startar til hausten.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Ordførar i Aurland, Noralv Distad, er strålande nøgd med å sjå brua kome på plass, ein månad før skulen byrjar.

– Det er veldig bra. No ser det ut til at det blir skulestart som planlagt 17. august, seier han.

Brua skal fungere som ei mellombels løysing og blir sett opp på berre ein dag.

Flåm skule får ny bru

SNART KLAR: Det tek berre ein dag å få sett opp den nye brua. Her er arbeidet godt i gong tidlegare i dag.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Denne blir nok i bruk eit år eller to, så skal det byggjast ei permanent bru her seinare. Men det er mykje sikringsarbeid som står att, difor var det viktig å få på plass ei mellombels bru her no, seier Distad.

Det er ikkje meir enn ei veke sidan NVE senka flaumvarselet frå oransje nivå, det nest høgaste nivået på skalaen. Og med storflaumen i oktober i fjor friskt i minnet, legg ikkje Distad skjul på at dei er uroa dersom det skulle komme ein ny flaum.

Men skulen trur han er trygg.

– Skulen er allereie sikra mot ein 200-års flaum, så vi er ikkje spesielt redd for dette området. I tillegg blir den mellombelse brua lagt høgt opp, så det blir rikeleg med plass for vatnet til å gå under, seier Distad.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.