Hopp til innhold

Flåm er verdas sjuande mest populære cruisehamn

Flåm scorar høgt i ei kåring av verdas mest populære cruisedestinasjonar. Fire av reisemåla på topplista er norske.

Torghandel i Flåm

POPULÆR CRUISEHAMN: Vi er vande med å sjå eit yrande folkeliv i Flåm. Årleg tek staden i mot ein million turistar.

Illustrasjon: Arne Veum

I ei kåring frå Cruise Critics har Flåm i Aurland markert seg saman med luksuriøse reisemål som Bora Bora og Singapore.

CNN omtalte saka først.

Noreg dominerer i kåringa. Flåm, Eidfjord, Oslo og Geiranger er alle på topplista. Flåm har best plassering av dei norske destinasjonane.

Den årlege kåringa til Cruise Critics er basert på rangeringar frå nettstaden sine brukarar. Det er verdas største reiseplattform, TripAdvisor, som styrer nettstaden, ifølge VG.

– For ein som har reist gjennom 75 land, føler eg meg trygg på at dette er ein av dei vakraste stadene på jord, skriv ein som har besøkt Flåm.

Satsar på grønare turisme

Solrun Hjelleflat er administrerande direktør i Flåm AS. Ho trur utmerkinga er mykje takka vere god logistikk og tilrettelegging.

Solrun Hjelleflat

NYE MILJØKRAV: Solrun Hjelleflat jobbar for at Flåm no skal tilpasse seg nye miljøkrav i tida framover.

Foto: Flåm AS

– Vi klarer å legge til rette for opplevingar på land med både Flåmsbana og ulike utflukter innanfor den tida turistskipa ligg til kai.

Kva gjer de no for å behalde det gode omdømmet?

– Vi er veldig bevisste på berekraft. Det har vore veldig mykje fokus på at cruise berre er ei belastning.

Hjelleflat seier at Flåm no må tilpasse seg dei nye miljøkrava.

– Turistane synest det er heilt fantastisk i Flåm. Nokon av dei blir heilt på gråten fordi dei synest det er så vakkert, ifølge Hjelleflat.

Har bygd opp turistdestinasjon over tid

Ordførar i Aurland kommune, Noralv Distad (H) set stor pris på kåringa. Han fortel at det tek tid å byggje opp ein så populær turistdestinasjon.

– Vi har eit variert tilbod. Turistane får oppleve både Nærøyfjorden, Stegastein og Flåmsbana.

Distad vedgår at det kan vere ei utfordring når mange turistar kjem i land på samme tid. Kommunen med nesten 1800 innbyggjarar tek i mot ein million turistar kvart einaste år.

– Det er alltid ei utfordring med store folkemengder. Flåm må jobbe vidare med å takle dagar der det er ekstra mange besøkande.

Noralv Distad

ORDFØRAR: Aurland-ordførar Noralv Distad (H) er stolt over at Flåm markerer seg i kåringa.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Ordføraren seier at næringslivet er avhengige av eit stort volum turistar.

– Vi treng inntekter for å utvikle oss vidare med gode arbeidsplassar både for Aurland og heile regionen, fortel han.