NRK Meny
Normal

Flåm er på søketoppen på internett

Nær fem millionar utanlandske turistar vitjar Norge kvart år. Før dei kjem, brukar mange internett for å lære. Og Flåm er mellom stadane dei søkjer mest etter.

Cruiseskipet Britannia på veg til kai i Flåm

TURISTMETROPOLEN: «What to do in Flåm» og «Flåm» er blant dei mest brukte søkeorda på Google når turistane skal førebu seg på noregsferien.

Foto: Jan Christian Jerving

Innovasjon Norge har i samarbeid med Google sett på kva som vart søkt mest på av norske reisemål i 2016.

I tillegg til å søkje etter kva dei kan gjere i Norge, Oslo og Bergen, skriv dei mellom anna dette spørsmålet i søkefeltet «kva er ein fjord?», fortel Bergens Tidende, som skreiv først om saka.

Dette søkjer turistane mest på:

1) What to do in Norway?
2) What to do in Oslo?
3) What is a fjord?
4) Is Norway expensive?
5) What to do in Bergen?
6) Why visitt Norway?
7) Where is Lofoten?
8) What to do in Flåm?
9) Why is Norway called the land of the Midnight Sun?
10) Is Norway safe?

Det åttande mest søkte spørsmålet om Norge i reiselivssamanheng gjeld altså Flåm.

Cruiseskip i Flåm

SØKJER: Flåm utgjer det åttande mest reiselivsbaserte søket utlendingar gjer om Norge.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Når det gjeld kva stadar turistane søker på i reiselivssamanheng, klatrar Flåm endå høgare, til tredje plass, rett etter storbyane.

1) Oslo
2) Bergen
3) Flåm
4) Lofoten
5) Preikestolen
6) Trolltunga
7) Stavanger
8) Bodø
9) Geirangerfjorden
10) Svalbard

Flåmsbana 16. juni 2014

ATTRAKTIV: Flåm er den tredje mest søkte staden på Google, og den utanlandske turistar søker mest etter, etter byane Oslo og Bergen.

Foto: webkamera / Flåmsbana

God marknadsføring

Reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord seier det ikkje er noko stor overrasking at Flåm kjem så høgt opp.

– Flåm har vore eit viktig og stort turistmål i mange år. Det er utruleg viktig at Sogn har ein destinasjon som utmerker seg på tredjeplass på desse søka, seier direktøren.

– Flåm passerer Preikestolen, Trolltunga og Geirangerfjorden. Er ikkje det spesielt?

– Du kan kanskje kalle det spesielt, men i Flåm er det blitt jobba veldig bra med marknadsføring over fleire tiår, og tyngre enn kva tilfelle er med Preikestolen og Geiranger. Flåm er ein attraktiv destinasjon.

Har lukkast

Brandshaug meiner Flåm har lukkast med å bli ein av dei store reisemåla i Norge.

– Flåm er i særklasse på line med Hurtigruta og dei større reiselivsprodukta. Og staden er ein viktig drivar for reiselivet også for områda rundt.

– Kva spår du for komande turistsesong?

– Norge trur på 10 prosent vekst. I Sogn håpar vi på same veksten som i fjor, rundt 15 prosent. Og kanskje meir for Flåm.

– Reiselivet er inne i ein god vekstperiode. Eg trur reiselivet blir viktigare som vekstnæring i åra framover, seier Brandshaug.

Flåm

FLÅM: Ein haustdag utan båtar i Flåm.

Foto: Flåm Marina / TMH
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen