NRK Meny
Normal

Flaks at orkanar har treft om natta

Det er berre flaks og heilt tilfeldig at orkanar har treft på natta. Dei kan like gjerne kome midt på dagen.

Knust over bil

KNUST: Orkanen Dagmar herja Nordvestlandet i romjula i fjor.

Foto: privat

Både nyttårsorkanen i 1992 og Dagmar i fjor var sterkast på kvelden og natta. Frykta er at slike uver skal treffe medan folk er på veg til jobb og barnehage.

Statsmeteorolog Haldis Berge seier det er flaks at begge desse ekstreme hendingane har treft på nattestid.

– Det er tilfeldig at dei har treft om natta. Om det er natt eller dag, har ingenting å seie, seier ho.

Raserte delar av Vestlandet

Kvelden fyrste juledag i fjor raste uveret Dagmar innover nordvestlandet. Før måleinstrumenta i nærleiken av Stad vart øydelagde rakk dei å måle ein av dei sterkaste orkanane nokosinne.

Heldigvis var det ein heilagdag der dei fleste heldt seg inne som Frank Robert Sande i Vanylven

– Eg sa til Inger at no trur eg vinden snur. Det blei så stilt, men plutseleg kom det eit smell. Eg kasta meg over minstesonen så han ikkje skulle få glasbitar på seg om vindauga blei knuste. Lyden eg høyrde var nok fjøsen til bror min som passerte nokre hustak, fortel han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Heile taket er vekk

TAKET VEKK: Vinden tok godt tak i mange bygningar blei øydelagde.

Foto: Hans Erik Myren / Privat

Frykta mange gjekk tapt

Og det er ikkje fyrste gongen at uver at treft på eit høveleg tidspunkt.
Også nyttårsorkanen i 1992 var på det sterkaste rundt klokka fire om morgonen fyrste nyttårsdag.

Per Sefland var politimeister i Nordmøre politidistrikt og kunne i 1992 konstatere at heldigvis trefte ikkje uveret på dagtid på ein kvardag.

– Vi rekna med at det hadde gått med ein del liv. Til all lykke, var det slik at det ikkje born på veg til skule eller folk på veg til jobb. Dei låg rett og slett og sov.

Beveger seg i rom og tid

Men statsmeteorolog Bjart Eriksen hos Meteorologisk institutt seier dette berre er rein skjer flaks.

– Ja, det vil eg seie er heilt tilfeldig. Lågtrykk og ekstremvêr beveger seg i rom og tid. Då seier det seg sjølv at av og til vil det treffe om natta og av og til om dagen.

Mykje verre på dagtid

Det einaste som ikkje er tilfeldig er at orkanane kjem i desember og tidleg januar.

– Slikt uver treff stort sett på vinterstid, for det er då vi har dei største temperaturkontrastane mellom nordlege og sørlege breiddegrader. Då får vi ofte kraftige lågtrykk som kjem inn frå sørvest eller nord, seier han.

Lensmann Webjørn Moa i Eid måtte evakuere folk frå delar av kommunesenteret i fjor under Dagmar.

– Det ville vore mykje vere om det skjedde på dagtid, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.