NRK Meny
Normal

Flaggar på halv stong etter gruvevedtaket

VEVRING (NRK): Tårene rann og innbyggarar flagga på halv stong etter at regjeringa sa ja til gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal.

Innbyggarar flagga på halv stong etter at regjeringa sa ja til gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal.

PÅ HALV STANG: Lidvald og Lena Vefring flaggar på halv stong etter at dei fekk høyre nyhenda om at regjeringa har gjeve grønt lys til Nordic Mining sine planar om gruvedrift i Engebøfjellet like ved bygda deira.

– Eg er så glad i denne plassen. Eg har budd her heile livet og er fødd på garden, så det er klart det er vemodig for meg, seier Lidvald Vefring.

Han er djupt skuffa over at Moderniseringsdepartementet fredag stadfesta reguleringsplanen, medan Klima- og miljødepartementet har gjeve løyve til det svært omstridde sjødeponiet i Førdefjorden.

– Viss fjorden no kollapsar og svevestøvet forsvinn ut i havet, er det ingen som veit konsekvensane. Det er vanskeleg å stole på det dei seier om at dette ikkje er farleg for miljøet, seier Vefring.

– Miljøsaker står ikkje sterkt nok

Nordic Mining vil investere kring to milliardar kroner i det som er det største planlagde mineralprosjektet i Norge. Gruvedrifta kan bety 300 arbeidsplassar lokalt i Sunnfjord, og næringsminister Monica Mæland (H) viser i ei pressemelding til at det kan bety 500 arbeidsplassar på landsbasis.

I det som i framtida kan bli ei gruvebygd, reagerer mange med vantru.

– Eg er ikkje så sint, men meir oppgitt over at dette har gått gjennom trass alle faglege råd. Miljøsaker står ikkje sterkt nok på agendaen i politiske miljø, seier Lena Vefring.

Steinbrotet i Engebøfjellet
Foto: Illustrasjon: Nordic mining

Skulle fiske i finvêret – men fekk ein sorgas dag

Nede ved fjorden i Vevring er islandske Pall Hannesson på veg ut i båt. I strålande solskin er det ein flott vårdag, og fiskaren har sett fram til å nyte livet nokre timar.

– Dette skulle vere ein fin dag med sol og fiske på fjorden. Men no vart det ein sorgas dag. Håra stod opp på armen då eg høyrde nyhenda. Og frua gret, seier Hannesson.

– Eg har møtt same reaksjon hos alle her. Damene gret og mennene blir sinte. Det er ikkje til å tru, seier han.

– Kvifor synest du vedtaka er så ille?

– Det verste er at det gir eit signal om at det er heilt greitt å bruke norske fjordar som dumpeplass. Spekulantar som slike verksemder får forrang framfor folket, naturen og sunn fornuft, seier Hannesson.

Pall Hannesson på veg ut for å fiske
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Håpar det er mogleg å få snudd vedtaket

Nordic Mining har funne kring 250 millionar tonn rutilmalm i Engebøfjellet. Verksemda har sidan 2007 eigd rettane til ressursane. Kommunestyra i Askvoll og Naustdal har godkjent planane, medan Miljødirektoratet har sagt nei. No har altså regjeringa gjeve grønt lys.

– Det har vore ein lang veg å gå, så dette er ein stor dag. Vi er glad for at det endeleg blir sett punktum i saka, seier administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum til NRK.

I Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe er reaksjonen den stikk motsette.

– Dette er berre kjempetrist. Eg føler politikarane har lagt seg flate for Nordic Mining, og gått for eit prosjekt som ei samla miljørørsle, lokalt næringsliv og oppdrettsnæring er imot. Dei kunne gått for eit nedskalert og berekraftig prosjekt, men legg seg heilt flate, seier leiar Laila Claussen.

– No håpar eg dei politikarane som er imot dette tek til orde, og at vi klarer å få snudd det, seier ho.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.