Hopp til innhold

Vikjene heiste flagga til topps over heile bygda i rein glede

Vikjene sende flagga til topps då Vikafjellstunnelen sin status i NTP var eit faktum.

Flagging i Vik

TIL TOPPS: Flagga vaia i vinden både i Vik og på Vangsnes etter nyhenda om innpass for Vikafjellstunnelen i NTP.

Foto: Odd Inge Gjeraker / NRK

– I dag har det vore ein strålande dag med flagging og hornmusikk. Me har berre feira, dette har vore kjempeflott, kvitrar Vik-ordførar Marta Finden Halset.

50 år med knallhard kamp vart i dag vart i dag krona med siger då det vart klart at det ligg inne 100 millionar kroner til oppstart av ein tunnel gjennom Vikafjellet.

Vikjene har vore hardt prøvde med ein usikker kvardag vinterstid der vegen over Vikafjellet på kort varsel har vorte stengd ofte i dagevis.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flagg i blomsterpotte

SMÅ: Både små og store flagg fann vegen ut i vinden.

Foto: Odd Inge Gjeraker / NRK

Hagla med flagg over heile bygda

No ser dei lys i tunnelen, og det synte godt på bygda. Dei første flagga skaut til topps då nyheita kom ut klokka 12 fredag. Etter kvart som folk kom heim frå arbeid dukka det eine etter det andre flagget opp og vaia i vinden.

Slikt gjer ein garva ordførar rørt.

– Å sjå bygda flagge på ein slik dag, det er ... ja, ein får klump i halsen. Ein må berre seie det slik. Det var veldig flott å sjå, aldeles rørande, seier Halset.

Ho legg ikkje skjul på at det gjorde inntrykk å sjå bygda bada i sol og norske flagg, nesten som på 17. mai.

– Eg har ikkje ord. Når ein ser bygda slik, og at vi både har tunnelen inne på NTP og rassikringsmidlar til Vik-Vangsnes, ja, det er ei mektig oppleving for ein ordførar, seier Halset.

Stor ståhei på Facebook

Forkjemparar av Vikafjellsvegen har eiga gruppe på Facebook "Vikafjellstunnel no!!!", og også her ytra mange glede over billetten til NTP.

«Dette er ein stor dag», «I dag feirer vi – i morgen starter arbeidet med å jobbe tunnelen frem til første del av planperioden ...», «Endeleg var det vikjene sin tur» tala sitt tydelege språk om kva både dei fastbuande og dei utflytte vikjene meinte om dagen i dag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Marta Finden Halset

TRAVEL: Ordførar Marta Finden Halset i Vik fekk gratulasjonar frå både nær og fjern.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Inga tid til å kvile

– Det var ei svært flott oppleving og det er stort å få vere ordførar på ein slik dag, seier Halset.

Ho er glad for at dei raudgrøne har sett kor viktig tunnelen er for både Vik og sogneregionen.

Men glede og feiring til trass, Finden kjem ikkje til å kvile på korkje laurbær eller lovnader.

– Dette arbeidet er ikkje over før vi ser første bilen køyre gjennom tunnelen. Først då kan me setje oss ned litt og nyte det. No skal me jobba. Me er glade for det me har fått så langt, men no skal me jobbe for å få tunnelen fram i første periode av NTP, seier Halset.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flagg i vinden

STOLT OG RØRT: Vik-ordførar Marta Finden Halset vart rørt av å sjå alle flagga vaie i vinden.

Foto: Odd Inge Gjeraker / NRK

På høg tid med heilårsveg

Ho peikar på at alle overordna planar er klare, og at dette er eit prosjekt der ein ikkje treng ei konsekvensutgreiing (KVU).

– Prosjektet var komme forbi det stadiet då det vart lovpålagt med KVU, seier Halset, som no brettar opp ermane.

– Dette fortente innbyggjarane i Vik kommune etter så mange år. Det var på høg tid at vikjene får ein stabil heilårsveg slik at vi i Vik også får ta del i velferdssamfunnet, seier Halset.