Hopp til innhold

«Tida er inne for å vere litt rause med kvarandre»

Den avtroppande fylkesmannen tek no eit kraftig oppgjer med aktørane i den betente sjukehusstriden i fylket.

Fylkesmann Oddvar Flæte

SLUTTAR: Oddvar Flæte si tid som fylkesmann er snart over. No tek han eit oppgjer med fogderistriden.

Foto: Arve Uglum / NRK

I eit intervju med Firda sler Oddvar Flæte fast at aktørane i helsekampen no må ta ein god pause for sleike såra.

– Dersom ein låser seg totalt fast i posisjonar, blir vi etter kvart så bitre at vi ikkje ser det overordna som er viktigare, seier Flæte til avisa.

Moglegheiter

Han peikar på at regjeringa har sagt at det skal satsast på sentralsjukehuset, lokalsjukehusa og distriktsmedisinske senter, og at det for Nordfjord opnar det seg ei mengd moglegheiter innanfor rusbehandling, psykiatri og samhandling mellom komme- og spesialisthelsetenesta.

– Lærdal kan ha ei funksjonsdeling med Sogndal. Det vi ikkje har råd til er at Nordfjord tek til å sende pasientane sine til Volda og at Indre Sogn sender sine til Voss. Då ryk sentralsjukehuset, som er den viktigaste helseinstitusjonen for heile Sogn og Fjordane, den største arbeidsplassen og langt meir enn ein ting i Førde, hevdar den avtroppande fylkesmannen.

Må samarbeide

Han meiner at tida no er inne for å vere litt rause med kvarandre.

– Helse Førde må vere det, men det må sanneleg også kommunane i Nordfjord og Indre Sogn, og vi som bur i dette fylket. Vi kan kjempe, men vi må også evne å samarbeide nokså raskt, når avgjerdene er tekne. Og vi må vekk frå den uskikken er at det mest rosverdige er å gå ned med flagget til topps, sler Oddvar Flæte fast.