Hopp til innhold

Slik vil Flæte komme kommunesamanslåingane i forkjøpet

Tidlegare fylkesmann Oddvar Flæte meiner det er bortkasta tid å reise til Oslo for å protestere mot kommunesamanslåing utan å ha ein eigen plan for korleis folk i Sogn og Fjordane vil ha kommuneinndelinga.

Oddvar Flæte og tidsplanen hans

HAR LAGT SLAGPLANEN: Oddvar Flæte og hans handskrivne tidsplan for korleis Sogn og Fjordane skal handtere kommunereforma.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Flæte meiner kommunane i Sogn og Fjordane bør nytte tida fram til nyttår godt for å kome med framlegg til korleis dei ser føre seg at kartet skal sjå ut.

– Sit vi stille i båten er det andre som bestemmer fullt ut, og vi er berre to prosent av innbyggjarane i landet. Men dersom vi er aktive og har gjennomtenkte resonnement betyr det mykje.

Flæte sa dette på eit folkemøte, arrangert av dei politiske partia på Hermansverk. Statssekretær Jardar Jensen (H) i Kommunaldepartementet var innleiar i lag med Flæte, leiar i Luster Ap, Arne Johannesen, leiar i Sogn og Fjordane KS, Jenny Følling og ordførar i Eid og sentralstyremedlem i Venstre, Alfred Bjørlo.

Mellom 50 og 100 frammøtte frå heile midtre og indre Sogn.

(Artikkelen held fram under biletet).

Jarle Aarvoll

VIL TIL OSLO: Ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

På møtet tok ordførar Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal til orde for å samle seg og reise til Oslo.

– Eg trur at vi bør slå oss saman og ta oss ein tur sentralt og stille spørsmålet: Kva oppgåver ser dei føre seg at ein vil få meir av i ein større kommune?

– Feil strategi

Dette meiner Flæte er feil strategi.

– Det å svare nei, nei, eignar seg ikkje for utvikling. Vi må ikkje seie at her er det mange trugsmål, for her er ein drøss med mogelegheiter, men då må vi bruke hovuda våre, anten vi har to eller fire tankar samstundes.

– Vi har behov for å tenke lokalt og diskutere lokalt. Det er ei gruppe i sving, og vi kan starte prosessar her, dels på å få idéar, dels på å prøve å øve oss på å tenke 15-20 år framover. Korleis skal kommunane sjå ut då, og kva vil vi?

(Artikkelen held fram under biletet).

Møte om kommunereform

HAR TIDSPLANEN KLAR: Tidlegare fylkesmann Oddvar Flæte på første rad på møtet om kommunereforma.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Fram til midten av oktober

Den tidlegare fylkesmannen meiner det er mange oppgåver som kan overførast frå Staten og fylkeskommunane til kommunane, og at det er ein del oppgåver kommunane i dag har problem med.

– Eg er oppteken av at dette fylket skal vere godt å leve i. Vi må få best mogeleg tenester til innbyggjarane, men vi må også få flest mogeleg oppgåver slik at vi ikkje kjem i ei baklekse.

Flæte meiner ei idégruppe av høgskulefolk, forskarar og politikarar i Sogn og Fjordane bør bruke tida fram til midten av oktober til å sjå på kva framlegg dei har til oppgåvedeling.

– Så bør dette drøftast, ikkje berre i kommunestyra, men i lag og organisasjonar, på Facebook og Twitter, ja overalt. Så er det opp til kommunestyra å drøfte dette dei siste månadene i 2014, for då kjem det sentrale.

(Artikkelen held fram under biletet).

Alfred Bjørlo

SAMD MED FLÆTE: Alfred Bjørlo seier spørsmålet er kva vi vil med Oslo.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Tydelege og tøffe

Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid er med i kommunalministeren si referansegruppe for ny kommuneinndeling. Han er heilt samd med Flæte i at det ikkje har noko føre seg å troppe opp på regjeringskontora og slå i bordet utan å ha alternative framlegg.

– Eg deler synet hans fullt og heilt. No handlar det ikkje om å fare til Oslo og spørje kva Oslo vil med oss. No er spørsmålet kva vi vil med Oslo. Då må vi vere tydelege og tøffe. Korleis ser vi føre oss at sterke, nye kommunar skal organiserast, og kva oppgåver bør flyttast frå Staten til kommunane.