Flæte åtvara Bremanger

Fylkesmannen meiner Bremanger kan ha tapt 250 millionar kroner på Terra-skandalen.

Oddvar Flæte

Fylkesmann Oddvar Flæte.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesmann Oddvar Flæta vitja i dag politikarane i Bremanger for å drøfte vegen vidare etter Terra-skandalen.

- Byrj arbeidet no

Fylkesmannen råda politikarane til å ta tilbodet frå kommunaldepartementet om å ta tapa over ti år. Viktigast av alt var bodskapen om å ta skandalen på alvor og allereie no ta til på arbeidet med brutale kutt.

- Vi veit kva som er driftsutgifter og veit at det er til dels betydlege tap. Noko av det vil kome attende. Då er det best å kome i gang og heller ta omsyn til gode meldingar seinare, seier Flæte som også varsla kommunen om at han ikkje vil godkjenne 2008-budsjettet.

Tap på 250 millionar

Lokalpolitikarane vil på si side vente med dei store kutta til dei veit kor store tapa eigentleg blir. Medan kommunen reknar med eit tap på 180 millionar kroner, meiner fylkesmannen at tapa kan vere så store som 250 millionar kroner.

- Spørsmålet er om vi skal gjere dei store strukturelle endringane no ut i frå ein "i verste fall"-teori og legge ned tilbod som vi aldri vil få att, seier Espen Gulliksen som er gruppeleiar for Arbeiderpartiet.

- Vi ventar på tal

Gulliksen vil ikje legge ned skular på grunn av "kanskje"-tal.

- Eit problem er sjølvsagt at vi ikkje har konkrete tal å halde oss til. Verken på kva tapa er på i sin heilskap, kva underskot vi vil dra med oss i åra som kjem og ein del uavklara spørsmål også når det gjeld kva bidrag vi kan rekne med frå Staten, seier Gulliksen.

Presenterte tal

Møtet var lukka då fylkesmannen presenterte utrekningar for kor store tapa blir etter Terra-skandalen, og fortalde kor mykje ein kunne vente seg i frå staten. Då dørene opna att, hadde Gulliksen tru på kommunen ikkje treng å gjere dei store kutta.

- Det er ein del uavklarte ting som vi vonar å få svar på i næraste framtid som kan tilseie at desse kutta vil bli mindre og kanskje slepp å ta dei store strukturelle endringane innan skule og pleie- og omsorgs som er dei store postane i kommunen.