Også dei andre dyra blir sende på slakteriet sidan bonden Knut Mundal ikkje lenger har eit brukandes fjøs å ha dei i.
Frykta full samanrasing
– Heile golvet ramla ned. Det fortel ein av dei som kom til for å berge ut kyrne.
Han fortel at det var lite møk i gjødselkjellaren, og at dei aller fleste kyrne stod mellom betongbitar og armeringsjarn i kjellaren då dei kom til. Eit par av dei stod att på det som var igjen av golvet over.
– Det gjekk utruleg bra, men vi var redde for at himlingen over skulle rase ned då kyrne vart henta ut. Støttene til himlingen forsvann nemleg i møkakjellaren saman med golvet, seier mannen.
To kyr til naudslakt
Både politi og dyrlege var tidleg på staden. Kona på garden fortel at to av kyrne måtte sendast til naudslakt.
Fjøsen er gamal, men førebels er årsaka til ulukka ikkje kjend.
Sjå òg "Få kontrollerer fjøsa sine".
To av kyrne vart naudslakta. Foto Arne Eithun NRK