Fjøsbrannen er sløkt og alle dyra er ute

Brannen vart sløkt etter kort tid og alle dei 109 sauene som vart berga ut av fjøsen i Gaupne er i god form.

Fjøsbrann i Gaupne

BERGA SAUENE: Sauene er ute av fjøsen som brann og sjekka av veterinær. Alle dei 109 sauene er i god form.

Foto: Christian Blom

– Det kunne gått riktig gale. Det gjekk veldig fort, seier bonde Stein Helge Kristensen.

Då han så det røyk frå fjøsen, sette han i gang med å berge ut dei 109 sauene sine. Men så kom flammane.

– Det gjekk bra til å byrje med, men plutseleg small det frå straumanlegget. Då vart det ein del flammar og mykje røyk. Eg fekk berre ut halvparten av sauene før eg måtte gje meg, men då kom brannvesenet, fortel han.

Fjøsbrann i Gaupne

I GOD BEHALD: Sauene var rolege og var i god form etter brannen, seier bonden Stein Helge Kristensen. Han kom også frå hendinga utan skadar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Ein kjempejobb

Då brannvesenet kom til staden var det synlege flammar frå den eine veggen av fjøsen. Dei var på eit tidspunkt redde for at brannen skulle spreie seg til bustadhus i nærleiken.

– Hadde ikkje brannvesenet vore framme så fort som dei var, kunne det gått ille, stadfestar vaktleiar ved Alarmsentralen, Terje Birkeland.

Etter om lag eit kvarter var brannen sløkt og alle sauene ute i god behald.

– Bonden gjorde ein kjempejobb og fekk ut veldig mange av sauane før brannvesenet kom fram, seier Birkeland.

Fjøsbrann i Gaupne

UTE: Sauene kom seg ut av fjøsen som var fylt med røyk. Ein veterinær sjekka dei, og alt verka å vere bra med dyra.

Foto: Christian Blom

Sauene i god behald

Sauene vart eksponert for ein del røyk, og måtte få sjekk av veterinær. Dei var alle i god behald, det same var sauebonden sjølv.

– Sauene er rolege no, og dei har ikkje panikk. Dei siste som vart redda ut var det litt fart i – dei bar preg av at det hadde vore ein del røyk, fortel bonde Kristensen.

Fjøsbrann i Gaupne

VEIT IKKJE ÅRSAKA: Tenestestadleiar Sondre Lillebostad.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

No må han sjå om han får sauene inn under tak for natta, heldigvis er det berre den eine veggen av fjøsen som er øydelagt.

Innsatsleiar på staden, Sondre Lillebostad, seier det førebels er for tidleg å seie noko om årsaka til brannen.

– Vi veit kor det har brent, men ikkje kva og kvifor, seier han.

Fjøsbrann i Gaupne

SLØKT: Brannen i sauefjøsen var sløkt på 10–15 minuttar, men kunne blitt stor om ikkje brannvesenet kom fram så fort.

Foto: Christian Blom