Hopp til innhold

Båten frå «Oppdrag Sognefjorden» har mista lettbåten sin - har du sett den?

MV Fjord Visjon sin lettbåt forsvann på fjorden natt til laurdag. Båten var på skicruise innover Sognefjorden.

Fjord visjon

POLARBRIS: Har du sett Oppdrag Sognefjorden-båten sin lettbåt?

Foto: Flash Studio / NRK/Fjord Visjon

– Lettbåten er svært viktig dersom noko skulle skje, fortel båteigar Mads Bækkelund.

MV Fjord Visjon er kjent frå NRK-programma «Oppdrag Sognefjorden» og «Oppdrag Nord-Norge».

Mista Polarbris

I natt var båten på veg inn til Sogn, eit såkalla skicruise. Laurdag morgon var Høyanger første stoppestad på skicruiseturen, men i natt oppdaga dei at båten var vekke.

– Den må ha forsvunne ein plass mellom Rysjedalsvika og Kyrkjebø i natt mellom midnatt og klokka 02, seier Bækkelund.

Båten heiter Polarbris, som står skrive på sida. Den er oransje i fargen og fem meter lang. I tillegg har den påhengsmotor.

– Den har mest sannsynleg reke i land ein plass. Vi oppdaga det litt for seint at den var vekke. Det var ein forrøyning som hadde slitna, fortel han.

Lovar overrasking

I Høyanger skal skicruisefølget besøke Høyangerfjellet og skianlegget på Siplo. Dei blir til søndagen før turen går vidare til Balestrand for ny skimoro. Skicruiset skal innom både Fjærland, Vik, Sogndal og Luster på si ferd.

Dei blir også ein del av Fjellsportfestivalen neste helg.

Men no manglar dei ein viktig båt for at dei skal føle seg trygge om bord.

Bækkelund lovar ei hyggeleg overrasking frå Fjord Visjon til den som finn båten.

Har du sett Fjord Visjon sin båt? Kontakt båten på: 957 97 974