NRK Meny
Normal

Håpar sti langs fjorden skal skape liv i sentrum

Denne veka byrjar arbeidet med fjordstien i Sogndal. Kommunen fekk før helga kritikk for å ha vendt ryggen mot fjorden i utviklinga av sentrum. Varaordførar i Sogndal, Laura Kvamme, trur stien kan vere løysinga.

Kvamme på fjordsti

STOR SATSING: Varaordførar i Sogndal, Laura Kvamme, trur stien langs fjorden kan vere ein sosial møteplass for innbyggjarane.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

– Når stien er ferdig vil va ein verkeleg fin turmoglegheit langs heile fjørabukti. Det vil bli mange moglegheite til å sette seg ned, det vil vere ativitetsmoglegheiter for store og små og det vil bli ein nye sosial møteplass, no som er viktig for ein tettstad som Sogndal, Kvamme.

Fjordstien skal bli ein samanhengande fjordpromenade langs heile Sogndalsfjøra. Den skal starta ved Loftesnesbrua og til slutt ende opp ved Stedje Camping.

– Må opne sentrum mot sjøen

Før helga fekk Sogndal kritikk for å ha vendt ryggen mot fjorden. Jan Nyberg, mannen som skreiv BT-reportasjen som starta debatten om bygdesentruma i Sogn og Fjordane for 26 år sidan, meiner Sogndal må opne sentrumet mot sjøen.

– Eg budde for nokre år sidan nede i det historiske sentrum i Sogndal og der var det forferdeleg dødt. Eg håpar at planleggarane, kommuneadministrasjonen og politikarar i Sogndal ser verdien av å opne sentrum mot sjøen, det trur eg vil skape meir liv i sentrumsmiljøet, seier Nyberg.

Varaordføraren er samd i at Sogndal har vendt ryggen mot sjøen, men meiner dette er i ferd med og endre seg.

– Her er det gjort store grep for å rette på dette, og fjordstien er ei stor satsing for kommunen, seier ho.

Kan bli dyrt

Arbeidet med å få til ein sti langs fjorden har pågått sidan 80-talet. Stien vil gå gjennom eigedomane til over 30 grunneigarar. Noko som ikkje har vore problemfritt.

I fjor sommar nådde striden eit toppunkt då grunneigarane gjekk rettens veg for å få skikkeleg erstatning. 5. juli i år gav skjønnsretten sin dom. Kommunen må ut med ti millionar, berre for grunnen, drsom dommen vert ståande.

– Eg skjønnar veldig godt at nokon synast at dette er eit feilgrep, fordi det går utover deira nærområde. Men sjøbodenen blir stort sett ståande og fjordstien blir tilpassa mellom dei, seier Kvamme.

Men i arbeidet med fjordstien skal kommunen rive 300 år gamle sjøboder.

– Det er ei ulempe for dei som eige sjøbodene, og det er klart vi kunne ønskje oss at alt kunne vere slik som det var, men då hadde vi ikkje fått til det som eg trur i det lange løp er positivt, seier varaordføraren.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå