Hopp til innhold

- Det er som ein zombiefilm

Helge Rambøl frå Jølster og Merima Maja Brkic frå Årdal står midt i dramaet som går føre seg i London.

Uroa som braut ut laurdag kveld i Tottenham, har spreidd seg til store delar av London og andre byar i England.

– I går kveld høyrde du frå Ealing og Croydon om folk som kom inn i huset og tok med seg ting. Det var melding om ungdomar som gjekk inn på restaurantar og prøvde å rane folk, tok av dei ringar og smykke. Det er nesten som ein zombiefilm. Du ventar berre at dei skal komme og banke på døra di, seier Merima Maja Brkic som bur i sentrale London, i nærleiken av Victoria Station.

– Ting kan skje i kveld

Helge Rambøl

JOGGETUR: Helge Rambøl vurderer joggetur på trass av opprøret.

Foto: Privat

Det som starta som ein fredeleg demonstrasjon i protest mot at politiet torsdag drap 29 år gamle Mark Duggan i ei skotveksling, har utvikla seg til dramatiske opptøyar som no har spreidd seg til Birmingham, Bristol, Liverpool og Nottingham.

Helge Rambøl frå Jølster bur i Stratford-området. I dag har han sett kraftig røyk frå arbeidsplassen sin. Arbeidsgjevaren hans, revisjon- og rådgjevingsfirmaet KPMG, gav alle sine tilsette løyve til å reise tidlegare heim på grunn av uroa.

  • LES OGSÅ:

– Det er eit par store brannar som går føre seg no. Dama er ein kollega som er saman med ein politimann i området der vi bur. Til no har det vore roleg der, men det høyrest ut som om det fort kan skje noko i kveld, seier han.

– Eld i tørt gras

– Du ser røyk frå vindauget og høyrer mykje sirener. Folk blir jaga heim frå sentrum. Du er sjokkert. Det starta som ein fredeleg protest i Tottenham-området, men så har det spreidd seg som eld i tørt gras. Kartet på TV i går såg ut som ei krigssone, held Rambøl fram.

Til no er 450 personar arrestert etter opprøret. Brkic og Rambøl er mellom mange nordmenn som anten bur eller jobbar i verdsmetropolen.

Statsminister David Cameron bad i dag parlamentet om å avbryte ferien sin. Samstundes har også politiet fått løyve til å gå hardare til verks mot opprørarane , enn det dei har gjort til no.

– Folk er redde

Merima Maja Brkic

REDD: - Eg var her 7. juli i 2005 då terroristangrepet i London. Då måtte eg gå i fem timar. Må eg gå i fem timar i dag, så gjer eg det, seier Merima Maja Brkic.

Foto: Privat

– Eg har budd i London i over ti år og aldri opplevd liknande. Folk er rett og slett redde, anten dei er på jobb eller heime. Eg har nett fått tilbakemelding no om at opprøret sakte men sikkert nærmar seg distriktet der eg bur. Det er finansdistriktet med juvelbutikkar og bankar, seier Brkic og legg til.

– Det som er mest skremmande er å vere heime om kvelden og berre vente på å bli evakuert. Eg var vaken i heile natt og følgde med på nyhenda, politirapportar og interaktivt kart som viser opprøret som nærmar seg.

Vart stogga av politiet

Ingrid Nordheim frå Naustdal bur berre nokre minutt frå det verste opprøret som har råka London på fleire år.

27-åringen studerer journalisme og vart måndag kveld stogga av politisperringar og ei stor folkemengde då ho skulle handle snacks. I natt sat ho lenge oppe for å følgje utviklinga.

– Då eg skjønte kor fort dette spreidde seg og du høyrde helikopter ganske nærme, så var det vanskeleg å få sove i natt, seier Nordheim.

Vurderer joggetur

– Eg tenkjer først og fremst på dei som mistar heimane sine og blir råka av opprøret. Vi får håpe at dei finn ei løysing og får stogga dette. Tre kveldar er nok, legg ho til.

Rambøl har i kveld planar om ein halvtimes joggetur langs kanalen.

– Personleg er eg ikkje redd, men det kjem sjølvsagt an på kvar du ferdast. Det er hovudsakleg småungar som står bak opprøret, men det er klart at når du har fleire hundre av dei, så bør du vere forsiktig, seier han.