NRK Meny
Normal

Fjordhotell i Aurland blir asylmottak

Lopex mottak har inngått avtale med Aurland Fjordhotell om å opprette eit asylmottak for 58 mindreårige barn.

Aurland Fjordhotell

AVTALEN I BOKS: Her ved Aurland Fjordhotell skal det etter planen busetjast 58 mindreårige flyktningar.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Anbodet skal avgjerast den 2. november, men ordføraren i kommunen reknar med at det blir ein realitet.

– Det kan kome til å bli etablert allereie i løpet av dette året, eller kring årsskiftet, seier Noralv Distad (H).

Han er ikkje nøgd med at kommunen har fått liten tid på å bu seg til å ta imot dei som kjem.

Noralv Distad

KRITISK: Ordførar Noralv Distad er ikkje nøgd med den korte fristen kommunen har fått til å leggje til rette for mottaket.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Det er snakk om 58 mindreårige barn som kjem til dette asylmottaket og det blir veldig krevjande for Aurland kommune. Me har omfattande plikter i ein slik samanheng og fått veldig kort varsel, seier han.

Han seier administrasjonen allereie har byrja å førebu seg på utfordringane som vil kome. Kommunen er plikta å levere tenester på ei rekkje område som helse, barnevern og språkopplæring.

– Viss det blir etablert er vi nøydde til å levere dei tenestene det blir stilt krav om. Så får vi sjølvsagt ein del refusjon frå staten, men uansett blir det ein belastning for Aurland kommune, seier Distad.

Han meiner saka viser kor uheldig måten asylmottaka blir etablert på her i landet er: kommunane kjem seint inn i prosessen og har ikkje noko høve til å påverke verken innhaldet eller omfanget av asylmottaka dei blir pålagde å vere vertar for.

– Kommunen må vere innstilt på å gjere det beste ut av det og utgangspunktet må vere at vi skal greie å løyse oppgåvene, seier Distad.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser