Kunnskapen om fjordhesten er for dårleg. Difor planlegg Gloppen kommune, fylkesarkivet, bibliotek, skule og Nordfjord folkemuseum eit 3-årig utviklingsprosjekt der fjordhesten spelar hovudrolla. Prosjektleiar Ann Kristin Vik Fløtre seier hesten er ein viktig kulturarv. - Vi ønskjer at folk i fylket vert meir klare over denne viktige kulturelle arven, ikkje minst ungane som veks opp. Dei må få fjordhesten innanfor bringa.
- Veit ikkje nok om hesten
Fjordhest. Arkivfoto NRK Sogn og Fjordane.
Slik det er i dag, meiner Vik Fløtre at dei fleste er langt frå kunnskapsrike nok om den spesielle hesten. Prosjektet sitt mål er å bevisstgjere folk gjennom eit treårig prosjekt. Det fyrste året skal brukast til innsamling og registrering av trykte kjelder, det vil seie alt som er skrive om fjordhesten - frå romanar og dikt til fagartiklar og norrøne tekstar.
Dokumentasjon av hesteliv
Dei vidare åra vert arkiveringsdelen av prosjektet. Fotografi og andre bilete av hesten frå gamle tider og fram til i dag skal arkiverast. Livet med fjordhesten, slitet på garden og hesten som hjelpar og ven i familien skal gjerast kjent. Historia fram til i dag, med hesten som terapidyr og ridehest først og fremst, syner endringa i hesten sine bruksområde.
Internasjonal hest
Fjordhestentusiast Dagrunn Aarsten har lenge vore ein del av det internasjonale fjordhestmiljøet så vel som det norske. Ho meiner det er på tide vi får augene opp for den skatten vi har i fjordhesten. - Eg har vore ein del i miljøet i USA, og der er ei slik kunnskapskjelde Gloppen no vil lage sterkt etterlengta. Og i USA finst det like mange fjordhestar som her i landet. Dessutan må vi hugse på dei mange entusiastane i Tyskland, Nederland og Danmark. - For mange av desse folka vil samleprosjektet vere som ein heilag gral, seier ho.
Tilgjengeleg hesteinformasjon
Prosjektleiar Ann Kristin Vik Fløtre seier at det ikkje vil vere noko problem for folk å finne informasjonen når prosjektet er ferdig. Planen er å sy saman alt stoffet til ein portal på internett som er tilgjengeleg både på norsk og engelsk. Slik kan både privatpersonar og større miljø lett finne fram.
Fleire hesteturistar?
I tillegg trur ho samlinga vil fungere som ein stor kunnskapsbrønn for lærarar, elevar, barnehagar - og ikkje minst for næringslivet. - Vi tenkjer kultur og næring hand i hand, og ikkje minst turistnæringa vil kunne nytte fjordhestkunnskapen konkret. Slik kan altså fjordhesten vere med å marknadsføre Sogn og Fjordane for hestegalne turistar.