Hopp til innhold

Fjordhestelaget har trua på fjordhesten

Rekordmange hingstar kjempa om å få vere med på fjordhestavlen i framtida, men fjordhesten er framleis truga. – Vi må bli flinkare til å formidle rasen, seier Noregs fjordhestlag.

Svein Erik Hafstad med hesten Silverjo

EINAR: Men det var førehandsfavoritten Silverjo som tok den prestisjetunge førsteplassen i hingsteutstillinga på Nordfjordeid.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Med rundt 200 føl i året blir det stadig fødd for få av den norske nasjonalhesten. Men då fjordingfamilien samla seg i Nordfjordeid for hingsteutstilling bobla det av optimisme.

Rekordmange fjordhingstar stilte nemleg til start i den beinharde konkurransen om å få vere med på fjordhestavlen i framtida.

Det synest leiar i Norges Fjordhestlag, Hege Sæther Moen, er svært positivt.

– Det gir ein veldig optimistisk stemning – det merkar eg. Det har jo gått nedover med hingstar i utstillinga fram til no, så dette er veldig gladeleg, seier ho.

Tårevått

Ein av dei som jobbar hardt for at fjordhesten skal overleve, er Svein-Erik Hafstad frå Førde. Nok ein gong vann den røynde hestemannen den prestisjetunge treårsklassen under hingsteutstillinga på Nordfjordeid. Denne gongen med førehandsfavoritten Silverjo.

– Eg har lagt ned så mykje arbeid for å greie dette, så eg er nesten heilt på gråten no. Det var veldig kjekt, seier Hafstad.

For få føl

Moen seier det er stor interesse rundt hesterasen, men at dei treng å få opp talet på føla.

– Det er viktig å fremme Fjordhesten, og vi må vel kanskje bli litt flinkare til å formidle dei gode eigenskapane til rasen, seier ho.

For det er framleis ein liten populasjon. Også i år kjem talet på kring 200 føl, fortel Moen.

– Det er lite, men vi har god kontroll på situasjonen. Eg trur vi er på veg oppover, og er absolutt optimistisk, seier ho.

– Vi må vere meir bevisst på å velje Fjordhesten ut ifrå eit verdival – at den er norsk og nøysam.

hege sæther moen

OPTIMISTISK: Hege Sæther Moen er leiar i Noregs Fjordhestlag. – Vi må vere meir bevisste på å velje Fjordhesten, seier ho.

Foto: privat