NRK Meny
Normal

Turistane strøymer til Norge som aldri før

Nær 15 millionar overnattingar er fasiten etter tidenes reiselivssommar i Norge. Aller best går det i Sogn og Fjordane som hadde ein vekst på ni prosent.

Asiatiske turistar i Oldedalen oktober 2017

HAUST-TURISTAR: Asiatiske turistar strøymde til Briksdalen fredag. Særleg i Sogn og Fjordane har det vore ein sterk auke i sommar.

Foto: Jørgen Eide / NRK

For fjerde året på rad sette norsk reiselivsnæring ny rekord, det er klart etter at Statistisk sentralbyrå (SSB) la fram overnattingstala for august i dag. Fylket med klart størst vekst i sommarovernattingar var Sogn og Fjordane.

Fasiten for sommarmånadane er 14,9 millionar overnattingar ved norske hotell, campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar. Landet sett under eitt er det ein vekst på ein halv prosent frå rekordsommaren 2016.

I Oldedalen i Nordfjord fredag var fleire hundre kinesiske turistar på veg oppover til isbreen i Briksdalen. Godt kledde og klar for ei oppleving i surt vestlandsvêr.

Langsiktig arbeid

– Først og fremst er det ganske uvanleg. Vanlegvis hadde vi stengt av no og berre hatt ei og anna gruppe. Men slik som i dag har vi åtte grupper inn i dalen og fleirfaldige hundre personar. Vêret har ingenting å seie, seier Rogeir Haugen i Oldedalen skysslag.

Han meiner at reiselivsnæringa og styresmaktene har gjort ein svært god jobb med å marknadsføre Norge som eit trygt ferieland, og at det er mykje av årsaka til den store suksessen.

– Det har vore gjort eit veldig langsiktig og godt arbeid. Slik som i dag så er det om lag 80 prosent kinesarar. Det har vore ein god kontakt med dei kinesiske byråa og det ber frukter no. Eg trur dette berre er byrjinga, meiner Haugen.

Tal utan Airbnb

Direktør for NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, er svært glad for at turiststraumen til Norge ikkje ser ut til å ha nokon ende.

– Knalltala for august har gitt sommarrekord igjen og det gler vi oss stort over, seier reiselivsdirektør i NHO, Kristin Krohn Devold.

Ho peikar på at SSB-tala ikkje har med tal frå hytteutleige, leilegheiter eller Airbnb og at tala såleis er høgare enn det statistikken syner.

For å sikre ein vidare vekst vil NHO at styresmaktene legg til rette for ein lenger sommarsesong. Blant anna vil dei ha utvida sesong for ferjeruter og båtruter.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast