- Vi har hatt eit prispåslag på abonnementsprisen som gjer at abonnementsinntektene er like bra som året før sjølv om vi har færre abonnentar, seier Wåge. Dermed er det marknadsinntektene frå m.a. sal annonser, som gjer at avisa har eit bra overskotet.
Redaktøren er svært nøgd med resultatet. Også utsiktene for 2004 er svært lyse, seier han.
Fjordenes Tidende hadde ved utgangen av fjoråret eit opplag på 5.896.