NRK Meny
Normal

Fjorddeponi skremmer ikkje vekk turistar, trur forskar

Fjorddeponiet som er planlagt i Førdefjorden vil ikkje påverke reiselivet. Det meiner reiselivsforskar. Det er stikk i strid med NHO Reiseliv sine spådommar om færre turistar.

Fjorddeponiet i Førdefjorden

SKREMMER NEPPE TURISTAR: Ein reiselivsforskar trur ikkje det er eit fjorddeponi som vil skremme vekk turistar.

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

NHO Reiseliv har i eit brev til Kommunal- og regionalministeren komme med si uro for planane om eit fjorddeponi i Førdefjorden i samband med gruvedrift i Vevring.

Men reiselivsforskar og professor Martin Rønningen trur ikkje planane vil så særleg konsekvensar for talet på turistar.

– Nei sannsynlegvis ikkje. Det er lettare å spå om folk enn om framtida. Men eg har vondt for å tru det.

– Turistane vil ha urørt natur

I brevet til regjeringa skriv NHO Reiseliv mellom anna at gruvedrift og dumping av avfall i fjord bryt med bildet av Norge med rein og stille natur, og at internasjonale marknader er følsame for miljørelaterte problemstillingar.

– Med eit fjorddeponi unngår ein i det minste dei visuelle øydeleggingane som ein ville hatt dersom ein hadde deponi på land.

Rønningen er samd i at rein og stille natur er ei viktig norsk merkevare, men trur eit fjorddeponi i Førdefjorden åleine vil påverke merkevara lite.

– Eg trur ikkje at eit fjorddeponi i seg sjølv er nok til å svekke omdømme, men det kan vere samanheng med andre ting. Som nokre kritiske røyster til oppdrettsnæringa. Så det må vere ein sum av fleire ting.

Vil ikkje kommentere

NHO Reiseliv ønskjer ikkje å kommentere saka ut over brevet dei har skrive til regjeringa, der dei ber regjeringa seier nei til deponi-planane.

Rønningen trur konsekvensane for reiselivet kunne vorte meir alvorlege dersom deponiet hadde vorte lagt til eit meir turistifisert område.

– Det hadde nok vore meir sårbart hadde ein gjort noko slikt i Sognefjorden, Geiranger eller utanfor Lofoten.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå