Braanaas, som er direktør i Firda Management, er ein av dei som er blitt påført store tap som følgje av ILA-utbrot på anlegga sine i Gulen. Men også han er trygg på at ILA-smitten no skal vere vekke frå området.
Bandlagd
Store deler av Nordfjorden og store fjordområde i Gulen har sidan slutten av 90-talet vore bandlagde for oppdrett, etter at den dødelege laksesjukdomen ILA, infeksiøs lakseanemi, har herja ukontrollert i områda.
Milliontap
Sjukdomen har ført til at den smitta fisken må slaktast ned, og dette har påført oppdrettarane milliontap. Men no friskmelder altså seksjonsleiar Martin Binde hjå Fylkesveterinæren i Hordaland og Sogn og Fjordane desse områda.
Trygt nok
Ein av grunnane til at dei ikkje ventar lenger, er at kostnadene med å bandlegge områda hadde blitt større enn utgiftene som sjukdomen har påført oppdrettarane. Binde meiner at det skal vere trygt nok til å opne for å setje ut fisk att i desse områda.