NRK Meny
Normal

Fjord1 vil og kan veksa seg større

LOEN (NRK): Fjord1 har store moglegheiter for å veksa i åra som kjem, sa styreleiar for ferjeselskapet, Pål W. Lorentzen, til fylkestinget i dag.

Pål W. Lorentzen

VIL VINNA NYE ANBOD: Styreleiar Pål W. Lorentzen seier at Fjord1 er prega av optimisme og kampvilje.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Dei neste åra vil 40 prosent av ferjestrekningane i landet bli lagde ut på anbod. Fjord1 kan vinna mange av desse konkurransane, seier Lorentzen.

– Det er viktig for framtida til selskapet at vi er med i desse anbodskonkurransane, og forhåpentlegvis gjer det skarpt, for det vil definere posisjonen til selskapet i ti år fram i tid.

Lorentzen seier at ein i Fjord1 arbeider intenst og breitt med desse anboda.

– Vi meiner at desse nye teknologiske løysingane blir veldig viktige, og vi skal vera ein eksponent for dette. Vi skal vera eit framtidsretta selskap som har interessante kompetansearbeidsplassar, og som står sentralt i ferje-Norge både i dag og i framtida. Vi har ein visjon om å vera mellom dei to beste.

Batteriferie til Anda - Lote

BATTERIDRIFT: Fjord1 satsar på batteriferjer på Anda-Lote, og håpet er at satsinga på miljøvenleg teknologi skal føra til at dei vinn fleire anbod.

Foto: Multi Maritime / Fjord1

– Har solid økonomi

Styreleiaren legg ikkje skjul på at Fjord1 har ambisjonar om å bli ein god del større enn i dag.

– Veksten kjem i kraft av konkurransen. Vinn vi nye kontraktar vil det føra til at vi kanskje må byggja nye ferjer og tilsetta fleire.

Ferjeselskapet Fjord1 hadde i fjor eit årsresultat etter skatt på 181,9 millionar kroner. Det er 86 millionar betre enn i 2014.

– Det betra resultatet kjem av at selskapet set inn fleire ferjer på sterkt trafikkerte strekningar, har færre skadar på ferjene, utnyttar arbeidsfolka godt, betalar mindre for drivstoffet og at rentene er lågare, sa konstituert administrerande direktør i Fjord1, André Høyset, på fylkestinget onsdag.

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig 59 prosent av aksjane i Fjord1. Styreleiar Lorentzen forsikrar at dei har pengane som skal til for å satsa.

– Vi har ein solid økonomi, og banken er med oss.

– Kampviljen er til stades

Fjord1 må legga strategiane sine uavhengig av korleis det går med salet av aksjane til Torghatten. Konkurransetilsynet kan stansa salet, og Fjord1 må i så fall satsa vidare på eigne bein. Dette la styreleiar Pål W. Lorentzen vekt på i si orientering til majoritetseigaren, representert ved fylkestinget.

– Skal vi ivareta integriteten til organisasjonen, må vi løysa desse oppgåvene uavhengig av kven eigarane er. Eg trur det er veldig viktig for spiriten i ein slik organisasjon at optimismen og kampviljen er til stades, og det er den.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.