NRK Meny
Normal

Fjord1 vil gå rettens veg for å stogge Fjord2

Ferjegiganten Fjord1 truar med advokatar for å få nyskipa Fjord2 over i historiebøkene. – Eg skjønar ikkje kva dei driver med, seier dagleg leiar Arne Glen Flåten i Fjord2.

Arne Glen Flåten, Fjord2

LOGISK: Arne Glen Flåten meiner «fjord» er eit naturleg del av namnet til selskapet, all den tid det er fjord dei vil selje.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Då Fjord1 i vinter la ned turistruta mellom Kaupanger og Gudvangen , starta reiselivsaktørar i Indre Sogn opp selskapet Fjord 2 for å halde fram ruta.

No truar Fjord1 sine advokatar med rettens veg for å få endra namnet til Fjord2.

– Så lenge Fjord er eit alminneleg namn, så kan dei ikkje nekte oss dette. Eg veit ikkje om det er det at dei ikkje klarer å sjå skilnad på ein og to, seier Arne Glen Flåten.

– Øydela for seg sjølve

MF Skånevik

FERJE: Fjord2 ynskjer å ta i bruk ferja MF Skånevik til turisttransport frå Kaupanger og inn Nærøyfjorden til Gudvangen.

Foto: C. Hill

Saman med reiselivskollega Knut Lindstrøm i Lærdal skal Flåten drifte ferjeruta inn Nærøyfjorden frå 1. juni. Men Fjord1 meiner at Fjord2 øydelegg ferjegiganten sitt gode namn og rykte.

Flåten meiner derimot at Fjord1 sjølv har øydelagt det dei har hatt av goodwill i reiselivsnæringa.

– Ifølgje dei dreg vi nytte av ein goodwill som dei har opparbeidd seg i marknaden, og at vi dreg nytte av den store marknadsinnsatsen som Fjord1 har gjort over mange år. Det er litt vanskeleg for meg å forstå korleis eit selskap, som la ned marknadsavdelinga for over fem år sidan, kan påstå noko slikt, seier Flåten.

Vil hente effektar

Stian Hårklau Fjord1

NEKTAR: Stian Hårklau og Fjord1 vil nekte det nye reiarlaget i Sogn å heite Fjord-2.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Påstanden får driftsdirektør Stian Hårklau i Fjord1 til å riste på hovudet. Han viser til at dei mellom anna satsar på Flåm-Gudvangen-området saman med bransjen der.

Han står fast på at Fjord2 snarast må endre namnet på sitt nye selskap.

– Vi meiner at namnet er vald for å hente openberre effektar frå vårt merkenamn, og ynskjer ikkje at andre aktørar skal ha eit namn som er så tett opp mot vårt eige namn, seier Hårklau.

– Ein god dialog

Driftsdirektøren meiner selskapa har ein god dialog, og håpar at denne fører til at Fjord2 endrar namnet sitt frivillig.

– Så får vi setje oss ned og vurdere det dersom så ikkje skulle skje, legg Hårklau til.

Uansett kva Fjord1 eller advokatane deira skriv eller seier, så vil ikkje Fjord2 bøye seg for krava om å endre namn og heimeside.

Har bede om råd

– Vi har spurt dei kva vi kan få heite. Dei vil ikkje svare på om vi kan heite noko med Fjord, Fjord21, Fjord3 eller Fjord7, seier han.

Flåten meiner derimot at Fjord1 bør lenkje og fortelje på sine heimeside at Fjord2 startar opp att den nedlagde turistruta. Slik dei har gjort.

– At giganten og milliardverksemda som Fjord1 er, skal slost med eit pittepittelite selskap som oss, og ikkje hjelpe kunden, er for meg uforståeleg, seier han.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote