Hopp til innhold

Fjord1-styreleiar ut mot eigaren

Fjord1-styreleiar Reidar Sandal rettar kraftig kritikk mot reiarlaget sin største eigar, Sogn og Fjordane fylkeskommune, etter bråket om Norled-avtalen.

MF Boknafjord

MØRKE SKYER OVER FUSJONEN: Styra i Fjord1 og Norled vil fusjonere selskapa til å bli største ferjereiarlag i Noreg. Eigar Sogn og Fjordane fylkeskommune har førebels sett foten ned.

Foto: Harald Einarsen

– At eit forretningsstyre ikkje skal kunne ta framtidige fornuftige grep. Ikkje ta initiativ for å styrke selskapet og auke verdiane for eigarane, det synest vi er spesielt, seier Reidar Sandal til NRK.

Torsdag i førre veke presenterte Fjord1 ei intensjonsavtale med Norled. Noregs to største ferjereiarlag vil bli eitt selskap. Dagen etter sette politikarane i Fylkesutvalet foten kraftig ned, og bad om at avtalen vart oppheva.

– Ikkje invitert til samtalar

Reidar Sandal

REAGERER: Styreleiar Reidar Sandal i Fjord1 meiner Sogn og Fjordane fylkeskommune køyrer sitt eige løp rundt selskapet si framtid, utan å involvere styret.

Foto: Tone Lin Støfring / NRK

Sogn og Fjordane fylkeskommune er, som største eigar i Fjord1 (59 prosent), i gang med sin eigen prosess der dei ved hjelp av innleigde konsulentar vurderer å selje aksjeposten i Fjord1. Men også fusjon kan vere eitt alternativ.

Sandal meiner det er uvanleg at fylkeskommunen køyrer sitte eige løp for framtida til Fjord1 utan å snakke med styret i selskapet.

– Det spesielle her er jo at fylkeskommunen tydelegvis har eit løp med innleigde konsulentar frå Oslo. Vi i Fjord1 har ikkje vore invitert inn i samtalar om det i det heile tatt. Dette har vi merka oss, seier Sandal.

– Står ikkje i vegen for fylkeskommunen

Fusjonsavtalen med Norled kom som julekvelden på kjerringa då den vart presentert for fylkesutvalet. Berre fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) visste. Ho vart orientert tysdag i førre veke, men valde å ikkje informere før møte i fylkesutvalet.

Sandal er klar på at dei langt frå har prøvd å kuppe fylkeskommunen sin prosess, men er tydeleg på at fusjon med Norled vil vere til det beste for Fjord1 i ei tid med hard konkurranse.

– I Fjord1 har vi diskutert strategiske spørsmål over tid. Det veit eigarane om. Vårt strategiske arbeid må gå uavhengig av andre prosessar. Det vi har intensjonsavtale med Norled om, kjem ikkje i vegen for det som fylkeskommunen tydelegvis elles arbeider med. Vi har også sett grundig på dei juridiske sidene av dette, understrekar styreleiaren.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Ampere

KAN BLI NORGES STØRSTE: Norled har i dag ein flåte på 80 fartøy. Saman med Fjord1 sine 80 fartøy kan eit fusjonert selskap bli Noregs desidert største ferje- og snøggbåtreiarlag.

Foto: Norled

Steller seg til Aksjelova

Sandal seier han er oppteken av at Fjord1 må drivast etter vanlege forretningsmessige prinsipp, sjølv om den største eigaren er ein fylkeskommune styrt av politikarar.

– Vi styrer etter Aksjelova si and og prinsipp. Det er vi påpasselege med. Leiinga og styret i Fjord1 er veldig sikre på at det grepet som vi har føreslått saman med Norled, vil auke verdien til eigarane, inkludert fylkeskommunen. Og ikkje minst vil det vere med på å forsterke grunnlaget både for arbeidsplassar og kompetansemiljø i Sogn og Fjordane. Hensikta har vore den aller beste, seier Sandal.

Lovar betre dialog

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) seier ho registrerer kritikken frå Fjord1-styreleiar Reidar Sandal.

– Eg er positiv til styre og selskap som er opptekne av å utvikle selskapet og vise handlingskraft. Så merkar eg meg at det er etterlyst betre dialog. Frå mi side skal eg gjere det eg kan for at kontakten mellom eigar og styre skal bli så god som mogleg i tida framover i prosessane som fylket er oppe i som eigar.

Åshild Kjelsnes

STOPPA FUSJONSAVTALEN: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes og Sogn og Fjordane fylkeskommune er største eigar i Fjord1.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Når det gjeld fylkeskommunen sin bruk av eksterne konsulentar frå Oslo i vurderinga av eigarskapen seier ho:

– Det er ein kompetanse som fylkesutvalet som eigar meiner er nødvendig å nytte. Sjølvsagt skal ein også bruke dei som er ute etter å vidareutvikle selskapet. Der er også styret.

– Leiinga i Fjord1 meiner ein fusjon med Norled er det beste, også med tanke på fylkeskommunen sine eigarverdiar og arbeidsplassar. Bør ein ikkje då lytte til dei?

– Eg vil vise til punkt tre i fylkesutvalet sitt vedtak frå fredag. Der ønskjer ein at Norled skal vere med vidare, men i ein breiare prosess, seier Kjelsnes.

Vedtaket i fylkesutvalet får også følgjer for Fjord1-styret sitt vidare arbeid.

– Vi steller oss til det vedtaket som fylkesutvalet har gjort. Det vil bli behandla i styremøte rett over påske, opplyser styreleiar Reidar Sandal.