Normal

– Framstår som dresserte pudlar i klimadebatten

Tidlegare styreleiar i Fjord1, Pål W. Lorentzen, kjem med ramsalt kritikk av klimapolitikken til Framstegspartiet, Høgre og Arbeiderpartiet i ein kronikk han har skrive for nettmagasinet Energi og Klima.

Pål Lorentzen

KRITISK: Tidlegare styreleiar i Fjord1 er kritisk til dei store partia i klimapolitikken

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Val

– Dei store partia har blitt samde om at klima ikkje skal vere ein del av valkampen, påstår han.

Pål W. Lorentzen er høgsterettsadvokat og har mange styreverv i næringslivet, og har mellom anna vore styreleiar i Fjord1. Han kritiserer særleg påstanden om at norsk olje og gass er særleg «miljøvennleg».

«Som all propaganda er også denne løgnaktig, trolig utviklet i oljeselskapenes kommunikasjonsavdelinger og deretter «solgt inn» i Arbeiderpartiet, Framstegspartiet og Høyre», skriv Lorentzen i innlegget sitt.

Du kan lese heile innlegget til Lorentzen her.

Lorentzen hevdar Paris-avtalen, som Norge har forplikta seg til, blir sabotert av norske styremakter.

Ein etter ein får ulike parti og personar ulike karakteristikkar i innlegget. Særleg hardt går det ut over olje- og energiminister Terje Søviknes frå Frp.

– Søviknes står fram mest som ein engasjert lobbyist for oljenæringa. Dei tre store partia står fram som dresserte pudlar, lydige mot den same næringa.

Hevdar det ikkje er eit valkamputspel

Lorenzen seier han ikkje har samarbeida med politiske motstandarar til Høgre og Frp, eller at innlegget er eit innspel i valkampen.

– Det er ei meiningsytring i den situasjonen vi er i, men eg registrerer at desse spørsmåla blir fortrengde frå valkampen, seier han.

Bjørn-Kristian Svendsrud i FpU framfor Stortinget

USAMD: Leiaren i FpU tykkjer utspelet til Lorentzen er merkeleg. Han meiner olje og gass er ein del av framtida.

Foto: Espen Breivik / NRK

– Merkeleg utspel

NRK har sendt artikkelen til alle partia som er råka kritikken frå Lorenzen, og bede om reaksjonar. Formannen i FpU, Bjørn-Kristian Svendsrud er ikkje imponert.

– Det er ein merkeleg kritikk. Det er mogleg å vere for ein klimavennleg politikk samtidig som ein ønsker ein utvida oljeproduksjon. Det handlar om å gjere to ting samstundes: Både finne løysingar for fornybare energikjelder og å ta vare på velferda vår, seier Svendsrud.

Han meiner at olja kan vere ein del av det fornybare samfunnet.

– Olje og gass er ein del av vegen mot eit fornybart samfunn. Særleg gass kjem til å bli ein viktig premissleverandør for energi, særleg til Europa. Da blir det meiningslaust å ikkje nytte seg av dei ressursane ein har, seier Svendsrud.

Stortingsrepresentanter i Sogn og Fjordane

RESULTAT100 % opptaltOppdatert 06.10.2017, kl. 13:04
  1. Liv Signe Navarsete
    59 år, Senterpartiet
  2. Ingrid Heggø
    57 år, Arbeiderpartiet
  3. Frida MelværNY
    46 år, Høyre
  4. Utjevningsmandat
    Tore StorehaugNY
    26 år, Kristelig Folkeparti
Vegopning på Bergum i Førde kommune