– Vi skal selje Noreg

Fjord1 og NSB går saman om eit nytt nasjonalt reiselivsselskap. Saman vil dei trekkje enda fleire turistar til Noreg.

Syklister på Rallarvegen i Flåm

SATSAR STORT: Fjord1 og NSB går saman for å satse på reiselivet.

Foto: Merete Husmo Høidal

Satsinga blei kjent i dag. NSB og Fjord 1 ønskjer saman å ta ein sentral posisjon innanfor reiseliv i Noreg og satse internasjonalt.

– Vi skal selje Noreg. Vi skal konkurrere mot Island og Kina. Det er eit internasjonal marknad vi vender oss til, seier Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1.

– Vi blir rent ned av turistar i Noreg, då må vi ha noko å tilby dei.

Han viser til at målsetjinga er å etablere ein sterk sals- og marknadsføringsportal som skal marknadsføre Noreg som ein miljøvennleg reiselivsdestinasjon også internasjonalt.

Vil gjere Noreg meir tilgjengeleg

Neteland meiner dei to selskapa utfyller kvarandre på ein god måte.

– Hovudverksemda vår er ferje og vi har jobba ein god del med reiseliv. Skulle vi gjere noko måtte vi bli større. Så ser vi at NSB med sin buss- og togaktivitet er ein god match, seier Neteland.

Konserndirektør for mobilitet og reiseliv i NSB-konsernet, Synne Homble, er samd.

– NSB og Fjord1 har begge sett at reiseliv i Noreg har eit stort potensial, og kome fram til at vi er perfekte partnarar for å byggje opp ei stor reiselivssatsing, seier ho.

– Hovudmålet er å gjere Noreg enda meir tilgjengeleg for turistar som har lyst til å reise rundt i landet på ein miljøvennleg måte. Vi vil også tilgjengeleggjere område som ikkje er så godt besøk i dag, fortel Homble.

Vil selje pakketilbod

Det nye reiselivsselskapet vil tilby miljøvennlege reiselivspakkar over heile Noreg.

– Nettbaserte løysingar der du kan sitje kor som helst i verda og pakke deg ein pakke, det er tanken, seier Neteland.

Dagfinn Neteland

NY SATSING: – Vi blir rent ned av turistar i Noreg, då må vi ha noko å tilby dei, seier Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Han meiner eit slikt tilbod trengst.

– Dei som kjenner til Reiselivs-Noreg, veit at det er mange flinke enkeltaktørar rundt om. Men å marknadsføre seg i samla flokk, det har vore vanskeleg. Det er det vi jobbar for, seier Neteland.

Ordførar i turistkommunen Aurland, Noralv Distad (H), har tru på satsinga.

– Vi må utnytte marknadsmoglegheitene som er. Det er ei gledeleg utvikling med meir turisttrafikk inn til landet, og at det blir meir heilårstrafikk. Då må alle gode krefter jobbe i lag for å utvikle dette vidare, seier Distad.

Etablering neste år

Fjord1 og NSB samarbeider alt om tilbodet FjordTours AS. Fjord1 og NSB har jobba eit års tid med dei nye planane. Målet er at det nye storselskapet skal vere etablert innan slutten av mars. Førebels har det ikkje noko namn.

– Vi trur selskapet blir etablert i mars 2019, så vil det bli ei gradvis utbygging, seier Homble.

I intensjonsavtalen som NSB-konsernet og Fjord1, står det at dei to selskapa skal eige 50 prosent kvar.