NRK Meny

Fjord1 med rekordresultat

Fjord1 omsette i 2016 for 2,38 milliardar kroner, og fekk i fjor eit overskot på 504 millionar kroner før skatt. Dette er det beste resultatet transportselskapet har hatt gjennom tidene. Administrerande direktør Dagfinn Neteland trekkjer fram stabil drift, betre dagleg planlegging og god tryggleik som viktige årsaker til det gode resultatet. NRK kjem attende med meir.