NRK Meny
Normal

Fjord1 med overskot på 212 millionar kroner før skatt

Årsresultatet for Fjord1 konsernet i 2015 viser eit overskot på 212 millionar kroner før skatt.

Fjord1-skilt

GÅR GODT: Fjord1 med ekordoverskot i 2015.

Foto: TRULS KLEIVEN

Dette er 100 millionar kroner betre enn i 2014, skriv selskapet i ei pressemelding.

– Det er vi svært godt nøgde med. Vi har hatt ein solid auke samanlikna med resultatet vi hadde i 2014 seier konstituert administrerande direktør i Fjord1, Andrè Høyset til NRK.

Fallande oljepris og lågare finanskostnader i 2015 har saman med auka fokus på kostnadskontroll og betra inntening i kontraktane vore medverkande til betring av resultatet i 2015.

– Det har vore arbeidd hardt i organisasjonen for å kome hit, og eg ønskjer å takke alle tilsette for innsatsen. Det er gledeleg å kunne levere slike resultat og dermed rigge selskapet for det grøne skiftet, seier Høyset.

«Grøn teknologi»

Fjord1 signerer i dag anbodet Anda - Lote på E39 med satsing på miljøteknologi, der begge ferjene på sambandet blir elektriske.

Andrè Høyset

DOBLA RESULTATET: Andrè Høyset er konstituert administrerande direktør i Fjord1.

Foto: Pressefoto

–Vi er svært tilfreds med at vi vann den første anbodskonkurransen der det er stilt krav til nullutslepp. Fjord1 er på mange måtar allereie på veg inn i «generasjon to» i det grøne skiftet, seier Høyset.

Regularitet

Trafikkregulariteten på dei fleste sambanda som Fjord1 trafikkerer har vore god i 2015. Totalt reiste 20,7 millionar passasjerar med Fjord1, og det vart frakta over 10 millionar køyretøy i 2015, noko som er ein auke på høvesvis 2,6 prosent og 1,7 prosent.

– Vi har ambisjonar om å slå rekorden no i 2016, men det er sjølvsagt litt tidleg å felle ein dom over året endå, seier Høyset.