Hopp til innhold

Fjord1 måtte byte ferje

Bilferja «Sognefjord» takla ikkje vinden og dei vanskelege straumforholda. Dermed vart det full stogg i mange timar på sambandet mellom Anda og Lote på E39 laurdag morgon.

Ferja Sognefjord

FULL STOPP: «Sognefjord» har eit rorsystem som gjer at den ikkje taklar vanskelege forhold like godt som andre ferjer.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Sambandet går no som normalt etter oppsette ruter. Første tur gjekk frå Anda klokka 11.45.

Men då er det ikkje lenger «Sognefjord» som vil transportere folk og bilar over Nordfjorden. Fjord1 innsåg nemleg laurdag at vêrforholda var for dårlege for den trufaste slitaren, og bestemte seg for å byte den ut med «Selje». Den ferja trafikkerer sambandet Stårheim–Isane litt lenger ute i fjorden.

– «Sognefjord» har eit litt anna rorsystem. «Selje» taklar betre vanskelege forhold, forklarar regionleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen.

Betre vêr

Samstundes peikar han på at vêret er betre lenger ute i fjorden i dag. Og sidan Stårheim–Isane er mindre utsett, fungerer det betre å late «Sognefjord» gå der ute inntil vidare.

Kristoffersen fekk melding om problema klokka 06 laurdag morgon.

– Ferjene vil byte samband igjen når vêrforholda tillèt det, seier han.

Har fått kritikk

Fjord1 har fått ein del kritikk dei siste dagane fordi køane har hopa seg opp på Anda og Lote. Grunnen til det er at den faste ferja MF «Årdal» har vore på verkstad. Reserveferja MF «Sognefjord» har mykje mindre kapasitet.

– Det er ikkje så mykje vi kan gjere akkurat no. Vi har ikkje noko anna ferje å setje inn når hovudferja no er inne til reparasjon. Det blir nokre dagar med redusert kapasitet no, og så vil MF «Årdal» vere tilbake i drift, sa avdelingsdirektør i Statens vegvesen Svenn Egil Finden til NRK sist onsdag.