Hopp til innhold

Fjord1 kan halde fram fusjonsplanane med Norled

Det er klart etter at ei arbeidsgruppe har vurdert saka. Samstundes held fylkeskommunen fram planane om sal.

Reidar Sandal og Åshild Kjelsnes på Sunnfjord hotell

FÅR HALDE FRAM: Styreleiar Reidar Sandal og fylkesordførar Åshild Kjelsnes er samde om å gå kvar sin veg, samstundes som dei går saman, med fusjonen med Norled.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det betyr at fylkeskommunen sin breie prosess og selskapet sin intensjon om å greie ut ei mogeleg fusjonsavtale blir greidd ut samordna og parallelt.

Det seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes til NRK.

Dobbelt løp

Det inneber at Fjord1 får jobbe vidare med å sjå om det er mogeleg med ei fusjonsavtale mellom selskapa. Det var i mars at Norled og styret i Fjord1 gjorde kjent at dei vurderer å slå seg saman. Dette var ei nyheit som overraska fylkespolitikarane som var ukjende med planane, og fordi dei sjølve jobba med eit sal av selskapet.

For styreleiar Reidar Sandal er dette godt nytt.

– Eg er veldig tilfreds med dette. Vi har tapt tid men vi jobbar vidare og har ein god dialog med Norled, seier Sandal.

I april møttest dei to partane for å løyse opp i skuldingar om dårleg informasjon rundt prosessen rundt kva som skal skje med Fjord1, og skape eit betre samarbeidsklima. Etter sju timar vart det klart at ei arbeidsgruppe skulle sjå på ulike løysingar for framtida for ferjeselskapet.

Skulle vore klare til sommarferien

Sandal seier styret opphavleg hadde ein plan om å komme i mål på eit overordna nivå for fusjonen til sommarferien.

– Men det rekk vi ikkje no på grunn av desse komplikasjonane. Men heldigvis har Norled stor forståing for at vi har måtta stoppe opp.

Sandal trur ikkje det er negativt for selskapet at det samstundes blir jobba parallelt med eit eventuelt sal av selskapet.

Greitt med parallelt løp

For Kjelsnes og fylkeskommunen held også jobben med framtida for selskapet fram. Også ho meiner dette parallell-løpet er uproblematisk.

– Det var litt usikkert i slutten av mars. No er det rydda av vegen. Det er praktisk og mogeleg å jobbe parallelt med saka, så det blir no gjort, seier Kjelsnes.

– Samstundes har fylkespolitikarane greidd ut ei mogelegheit for sal av selskapet. Korleis er det mogeleg å selje eit selskap der ein samstundes planlegg fusjon med eit anna selskap?

– Eg kommenterer ikkje detaljar i saka. Fylkeskommunen har ein brei prosess og det er klart at ein kan jobbe godt med prosessen og ein brukar den tida ein må, seier Kjelsnes.