- Chile-engasjementet til Fylkesbaatane har vore ein stor skuffelse. Vi har hatt milliontap på dette, seier styreleiaren.
Rekkje av tabbar
I 2003 bokførte Fylkesbaatane eit tap på 13 millionar kroner i Chile. Det var etter vanskar med sal av katamaranen Sognekongen at løysinga i 2002 vart å frakte båten til Chile for å starte passasjertransport der. Men det som må beskrivast som ei rekkje med tabbar, har gjort det heile til ei skikkeleg hovudpine for Fjord1 Fylkesbaatane.
- Vi kom skeivt i gang. Vi kom for seint til første turistsesongen. Deretter la vi lista for høgt, seier Skartun.
Stortap på aksjesal
Jarle Skartun. NRK-arkiv.
Fjord 1 Fylkesbaatane eig 95% av driftsselskapet bak Sognekongen, men nasjonale reglar i Chile seier at utanlandske selskap ikkje kan ha aksjemajoritet i meir enn tre år. Difor må Fylkesbaatane selje 46% av aksjane innan kort tid. Men sidan selskapet går med tap, blir det vanskeleg å få noko særleg igjen for aksjeposten.
Difor er spørsmålet om Fjord1 Fylkesbaatane gjorde ein grundig nok analyse før dei etablerte seg i Chile.
- I etterkant er det lett å seie at det gjorde vi ikkje. Det kom opp eit prosjekt i Chile både administrativ leiing og styre hadde tru på. I ettertid syner det seg at dette ikkje heldt mål, innrømmer Skartun.