Hopp til innhold

Fjord1 får fire nye ferjesamband

Fjord1 og kollektivselskapet Skyss, har signert kontrakt om at Fjord1 skal drifte fire nye ferjesamband i Hordaland.

Ampere Lavik-Oppedal

FÅR NYE SAMBAND: Fjord 1 ligg inne i rutepakke 2 i Hordaland. Total seks ferjer skal inn i dei fire sambanda. Her mellom Lavik og Oppedal.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi er veldig nøgde. Det er veldig kjekt å vine fram på detet. Dette skapar meir aktivitet i selskapet, seier André Høyset til NRK.

Tidlegare har Fjord1 signert kontrakt med Hordaland fylkeskommunen om å ta over drifta av to samband frå 2018 og fem samband frå 2020, skriv Fjord 1 i ei pressemelding.

Det betyr at Fjord1 som er eids av Havilafjord og Sogn og Fjordane fylkeskommune, totalt vil ha ansvaret for elleve samband med 14 ferjer i Hordaland frå 2020.

– Vi tek eit nytt steg inn i det grøne skifte. Det er elektriske ferjer vi skal inn med her, og skifte ut dagens dieselferjer, seier Høyset.

Dei fire sambanda ligg inne i rutepakke 2 i Hordaland. Totalt seks ferjer skal inn i dei fire sambanda:

  • Jektavik-Nordhuglo – Hodnanes
  • Skjersholmane–Ranavik
  • Gjermundshamn–Varaldsøy–Årsnes
  • Jondal–Tørvikbygd