Hopp til innhold

Fjord1-direktør: – Vi ønskte å halde fram

Administrerande direktør i Fjord1, André Høyset meiner ikkje det er dramatisk at selskapet misser ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg på E39 i Hordaland. Men Fjord1 ville helst drive sambandet vidare.

Halhjem-Sanvdvikvåg2

TREDJE STØRSTE FERJESAMBAND: Halhjem-Sandvikvåg er det tredje største ferjesambandet i Norge, og Fjord1 har drive sambandet dei siste ti åra.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Frå 1. januar 2019 er det Torghatten Nord som overtek drifta, det har Vegdirektoratet no avgjort.

Tilbodet frå Torghatten var ein milliard kroner billegare enn tilbodet frå Fjord1.

– Vi har vore kjend med at det var stor prisavstand mellom dei ulike tilbydarane, så vi har forventa at ei slik innstilling ville kome, seier administrerande direktør i Fjord1, André Høyset.

André Høyset

AVDRAMATISERER: At Fjord1 taper det tredje største ferjesambandet i Norge gjer det mogleg for selskapet å kjempe om nye anbod som blir lyst ut, meiner .

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Avdramatiserer

Halhjem-Sandvikvåg er det tredje største ferjesambandet i Norge. Fjord1 har nærare 70 tilsette på sambandet, som selskapet har drive dei siste ti åra. Men Høyset vil avdramatisere kva verknadar dette får for Fjord1.

– Det er eitt av dei større sambanda vi har i vår portefølje. Denne kontrakten bind opp stor kapital, så denne kapitalen kan vi no frigjere til å kjempe om nye kontraktar, seier han.

Får fleire avgongar

Men Fjord1 er likevel ikkje letta over at denne kontrakten glapp.

– Sjølvsagt ikkje. Vi ønskte å halde fram der, men samtidig er det mange samband som kjem ut på anbod no, så no har vi musklar til å kjempe om nye kontraktar, seier Høyset.

Med det nye anbodet vil ferjesambandet få hyppigare avgongar. Medan Fjord 1 har tre ferjer på strekninga Halhjem-Sandvikvåg i dag, skal Torghatten ha fire ferjer det første året, og fem ferjer frå januar 2020.

Dermed blir det avgang kvart 25. minutt frå kvar side i 2019, og avgang kvart 20. minutt frå 1. januar 2020. I dag har Fjord 1 ferjeavgang kvart 30. minutt.