NRK Meny
Normal

Fjord1-avtalen med Torghatten er signert

– Det må ikkje vere tvil om at Fjord1-salet er formelt gjennomført.

Gassferja MF Raunefjord ved Halhjem ferjekai

ER SELD: Trafikkselskapet Torghatten kjøper i første omgang 29,5 prosent av Fjord1. Biletet viser gassferja MF 'Raunefjord' til kai på Halhjem ferjekai i Os.

Foto: Harald Sætre

Det seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp). Ho let det ikkje vere tvil om at salet er endeleg.

– Ja, denne avtalen er signert. Og så må ein gjennomføre fylkestinget sitt vedtak. I dette vedtaket ligg det at fylkesrådmannen har fått fullmakt til å gjennomføre salet, og no er denne avtalen signert, opplyser Følling til NRK.

Kjenner seg halden for narr

Det blæs opp til sterk storm då fylkestinget førre måndag vedtok å selje aksjane sine i Norges største ferjeselskap til trafikkselskapet Torghatten. Salet vart vedtatt med berre éi røyst overvekt.

I dagane som følgde kom det fram at minioritetseigar Per Sævik, som eig 41 prosent av Fjord1 gjennom selskapet Havilafjord, var villig til å komme Torghatten sitt bod i møte. Men då var den formelle bodfristen gått ut.

Sævik har tidlegare uttalt til NRK at han av fylkeskommunen fekk opplyst at det framleis var tid til å forhandle, og at han kjenner seg halden for narr.

Endeleg avtale

Sunnmørs-investoren som føler seg forbigått, har truga med søksmål i kjølvatnet av Torghatten avtalen. Salet til Torghatten skjer også utan Fjord1-styret og administrerande direktør si velsigning. Dei trakk seg torsdag i protest.

Men for dei som måtte håpe på at salet enno berre var eit politisk vedtak, er altså toget gått, ifølgje fylkesordføraren.

Jenny Følling

INGEN VEG TILBAKE: Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, stadfester at avtalen med Torghatten har fått si bindande signatur.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Salsavtalen er signert. Og eg vil samstundes få avkrefte at det låg føre bod som ikkje var kjende. Det gjorde det ikkje. Alle formelle bod som kom inn, kom inn før fristen gjekk ut. Det er desse som ligg til grunn.

Fryktar ikkje rettssak

Følling vil ikkje spekulere i om Havila-reiar Per Sævik gjer alvor av sine trugslar om søksmål mot Fylkeskommunen.

– Ei rettssak må vi takle profesjonelt. Fylkeskommunen bur seg på at vi skal drive Fjord1 på best mogleg måte. Så får vi berre sjå kva som skjer vidare.

– Tek du trugsmåla om rettssak på alvor, eller trur ikkje du eit slikt søksmål vil komme?

– Det vil eg ikkje spekulere i. Vi får ta ting når eller viss dei kjem.

Korleis blir det eventuelt for fylkeskommunen å takle ei slik rettssak?

– Eg tenkjer at vi skal ha eit profesjonelt forhold og drive selskapet best mogleg. Om det skulle komme ei rettssak, så vil også det bli gjennomført på ein profesjonell måte.

– Profesjonelle forretningsfolk

– Ein skal i så fall sitje i same styrerom som Havilafjord. Kan dette føre til at saker blir utsette og trenerte i styrerommet?

– Det trur eg ikkje. Dette er forretningsfolk som er vande både med å drive forretningar, men også å nytte rettsapparatet viss det er naudsynt. Alle har interesse av at Fjord1 skal drivast best mogleg og skal gi best mogleg resultat. Eg er heilt trygg på at alle kjem til å jobbe for selskapet sitt beste, seier Jenny Følling.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy