NRK Meny
Normal

Djup fjord og høge fjell hindrar desse ni i å bli ein storkommune

Men no opnar regjeringa døra på gløtt for at kommunane kan bruka kommunereforma som brekkstong for å få ny bru eller tunnel.

Sogn regionråd

VANSKELEG UTAN BRU: Fleire av dei ni ordførarane i midtre og indre Sogn ønskjer eit stor-Sogn, men utan bru over Sognefjorden har samanslåingsarbeidet vore krevjande.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Vêrutsette høgfjell og djupe, breie fjordar hindrar kommunesamanslåingar fleire plassar på Vestlandet.

Regjeringa må få på plass nye bruer og tunnelar for å lukkast med kommunereforma i vest, meiner fleire ordførarar NRK har snakka med.

Fjorden stengjer

– Når brua mellom Mannheller og Fodnes kjem, har me Sogn kommune, sa ordførar Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal på eit møte i Sogn regionråd for ei veke sidan.

Aarvoll og fleire naboordførarar i midtre og indre Sogn ivrar for ein storkommune, men ferja over Sognefjorden gjer reisetida for lang. Statens vegvesen vil byggja ei bru som ein del av ein ny hovudveg frå Aust- til Vestlandet over Hemsedalsfjellet.

Ordførar Aarvoll og ordførar Ringkjøb

FJORD OG FJELL TIL HINDER: Jarle Aarvoll (Sogndal, t.v.) og Hans Erik Ringkjøb (Voss) er to av mange samanslåingsvillige ordførarar som slit med å realisera storkommune på grunn av landskapsmessige stengsel.

Foto: Noralv Pedersen/NRK

Regjeringa og Stortinget kan hjelpa oss å få fart på samanslåinga, seier Aarvoll og viser til at avgjerda aust-vest-trasé er nært kommande.

Høgfjell hindrar storkommune

Også andre plassar på Vestlandet blir nye storkommunar stoppa av røff topografi.

Åtte månader har gått sidan ordførar Hans Erik Ringkjøb (Ap) i Voss argumenterte sterkt for ei samanslåing med kraftkommunane Aurland og Vik.

Også ein fersk utgreiingsrapport har vore positiv til denne storkommunen. Politikarane i Vik er heller ikkje avvisande.

Det er berre eitt problem: Vikafjellet, som skil Vik frå Voss. Riksvegen over det vêrutsette høgfjellet er stengd store delar av vinteren.

Created by InfoDispatcher

Slaget står i 2017

Ein lang tunnel gjennom Vikafjellet ligg inne i Nasjonal transportplan (NTP) med oppstartspengar etter 2022, men ordførar Olav Turvoll (Sp) i Vik kjempar for å skunda fram byggjestarten. Det kan realisera storkommunen:

– Samanslåingsalternativet Vik/Voss/Aurland er avhengig av at det kjem betre kommunikasjonar.

Etter at Regjeringa lanserte prestisjeprosjektet kommunereforma, har mang ein ordførar bede om bru, tunnel eller veg for å få gjennomført kommunesamanslåing.

– Då eg byrja å reisa rundt i Norge for to år sidan, noterte eg meg ønska, men det slutta eg raskt med, fordi eg veit at me ikkje maktar å levera, sa tidlegare statssekretær Jardar Jensen (H) i Kommunaldepartementet i vår.

Olav Turvoll

Det blir ingen storkommune med Voss og Aurland viss ikkje Stortinget har vedteke at tunnelen gjennom Vikafjellet kjem, seier ordførar Olav Turvoll i Vik.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Storkommune som brekkstong

Men no opnar Regjeringa i praksis for kommunesamanslåing som brekkstong for å få ein ny veg, tunnel eller bru.

– I arbeidet med neste NTP er det naturleg at nye kommunegrenser er eit element som må vurderast, seier statssekretær Grete Ellingsen (H) i Kommunaldepartementet.

Etatane som arbeider med den nye transportplanen, har fått instruks om å ta omsyn til nye storkommunar. Før stortingshandsaminga av NTP og kommunereforma, begge våren 2017, vil Kommunaldepartementet og Samferdsledepartementet samordna seg, seier statssekretær Reynir Jóhannesson (Frp) i Samferdsledepartementet:

– NTP skal laga store bu- og arbeidsmarknadsregionar som knyter kommunar saman og styrkjer næringslivet. No skal me gå i dialog med kommunane for å finna dei gode prosjekta, men det vil bli ein hard kamp.

Vegen over Vikafjellet har i stor grad vore stengd denne vinteren. Ingenting har skjedd etter at Høgre før siste val lovde ny tunnel. Men i dag ville politikarane sjå høgfjellet med eigne auger. Det var ikkje heilt enkelt.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.