Hopp til innhold

Fjord Base tener stadig meir

Fjord Base i Florø har lagt bak seg nok eit godt år.

GDF Suez på Fjord Base i Florø

GIR GODE INNTEKTER: GDF Suez er eitt av selskapa som har etablert seg på Fjord Base og som er med på å gjere basen til god forretning.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

På fem år har forsyningsbasen tent 129 millionar på oljenæringa.

Resultatet før skatt har gått frå 12,9 millionar kroner i 2008, til 37,8 millionar kroner i fjor.

Roald Førde, økonomiansvarleg i Fjord Base, konstaterer at oljeeventyret utanfor vestlandskysten fører til at det dryp godt på eigedomsselskapet i Botnaneset.

– Frå 2008 har vi hatt ein jamn auke både i omsetning og resultat, og resultatet i fjor er vi godt nøgde med.

Auka aktivitet i Nordsjøen fører til klingande mynt i kassen til Nordsjø Nord sin forsyningsbase i Florø. Herfrå opererer Staoil og GDF Suez, i tillegg til ei lang rekkje serviceselskap.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Resultat Fjord Base

 

2011

2010

2009

2008

2007

Driftsinntekter

131.205

108.358

91.142

70.010

59.944

Resultat før skatt

37.839

31.803

29.507

12.936

17.098

Tredobla resultat sidan 2008

Sidan 2008 har Fjord Base nær dobla driftsinntektene, medan resultatet før skatt er nær tredobla.

– Det betyr mellom anna at vi er i stand til å vidareutvikle basen både arealmessig og bygningsmessig, og det er det relativt stor etterspørsel etter.

Frå 2010 til 2011 auka resultatet før skatt med seks millionar kroner, til 37,8 millionar kroner. Økonomiansvarleg Roald Førde finn forklaringa ved å sjå til sjøs.

– Det er generelt høg aktivitet i oljebransjen, og spesielt Statoil har lagt mykje aktivitet til Florø og Fjord Base, og det er eigentleg grunnlaget for at vi har hatt den utviklinga vi har hatt.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video 830efdde-cdaa-4f64-86ac-c3103694d8fe.jpg

SJÅ TV-SAK: Oljeindustrien treng meir plass i Flora.

Rundt 500 tilsette

Eigedomsselskapet Fjord Base har dei siste åra investert 100-150 millionar kroner årleg på utviding, bygningar og infrastruktur. Og leigetakarane har blitt fleire. Samstundes går også driftsselskapet Saga Fjord Base godt.

I fjor hadde kring 500 tilsette fordelt på kring 60 ulike verksemder sin arbeidsplass ved den kring 700 mål store basen i Botnaneset.

Det einaste Roald Førde manglar no er meir areal så dei kan fortsette veksten.

– Det er ikkje til å legge skjul på at vi har ei utfordring framover arealmessig dersom vi skal halde tritt med behovet.

Fjord Base

TRENG MEIR AREAL: Fjord Base har vakse i omfang, men treng endå meir areal.

Foto: Frank Tangen/Floranett.no