Hopp til innhold

Fjøra vann skjebnekampen

Fjøra vann skjebnekampen og beheld både plassen i 3. divisjon og trenaren Håvard Hatle.

Fjøra Bjelde-skoring

MÅL: Karsten Bjelde jr. skora etter 14 minutt.

Foto: Fotograf Christian Blom

Heimekampen mot Kristiansund FK enda 1–0 etter ei tidleg skoring i det 14. minutt av Karsten Bjelde jr.

Skoringa heldt heile vegen og jublande Fjøra-spelarar kan konstatere at dei redda plassen sin. Dermed kvalifiserer dei seg til den nye regionligaen i tredje divisjon neste år, der Fjøra og Førde blir å finne frå vårt fylke.

Kampen var også ein skjebnekamp fordi trenar Håvard Hatle truga med å trekke seg dersom laget rykka ned.

No blir han verande.

– Vi er eit veldig ungt lag og gutane var prega av stundas alvor også i dag. Men dei ofra seg og heldt Kristiansund unna eige mål. Så all respekt til dei, seier trenar Hatle.

Fjøra og Håvard Hatle

JUBLA: Trenar Håvard Hatle og resten av Fjøra i sekundet då trenaren bles av kampen.

Foto: Fotograf Christian Blom

Ikkje beste kampen

Fjøra fekk ikkje spelet sitt til å fungere gjennom kampen. Men det helt likevel heilt inn.

– I dag handla det om å finne. Og det gjorde vi. Gutane gjorde ein kjempejobb, meiner Hatle.

Han truga med å gå som trenar dersom laget gjekk ned. Grunnen er at han meiner det då ville vore hans feil som trenar.

– Ja, for gutane er gode nok. No blir eg verande om styret vil ha meg, lovar Hatle.

Han legg ikkje skjul på at det er ein gledens dag.

– Det er ein herleg følelse. No skal vi nyte kvelden!