Hopp til innhold

Fjøra og Stryn vidare i cupen

Fjøra er eitt steg nærare å gjenta bedrifta frå i fjor. Då dei tok seg til andre runde av NM-cupen i fotball og eit møte med Eliteserieklubben Stabæk.

Fjøra-spelar Arild Underdal og trenar Jan Rune Årøy.

Fjøraspissen Arild Underdal og trenar Jan Rune Årøy kan sjå fram til meir cupspel i 2008.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sogndølene kom seg til hektene att etter tap i serieopninga for Selje, medan Florø snudde siger i serieopninga til tap i cupen.

Snudde kampen

Fjøra vann oppgjeret med 3-1, men det var gjestene frå kystbyen som opna best. Bruntrøyene var utan Sigurd Hjorthol, Espen Gabrielsen, Christer Husa og sentrale John-Felipe Holmgren, men tok likevel leiinga ved Tor Henning Brandsøy etter 18. minutt.

Resultatet stod seg i seks minutt. Johan Salveson scora to mål før kvilen og sytte med det for 2-1 leiing til vertane ved pause.

Vann 3-1

Andre omgang var berre 11 minuttar gamal då Vegard Ruud auka til 3-1.

Dermed vart Fjøra det første laget i fylket som kvalifiserte seg for andre kvalifiseringsrunde då dei tysdag kveld vann 3-1 over Florø.

Drama i Årdal

I Årdal var det nærme å bli reprise frå cupkampen for to år sidan. Då gjekk oppgjeret mellom Årdal og Stryn til straffekonkurranse. Den gangen trekte Årdal det lengste strået, men i år var det stryningane som tok seg vidare.

Det stod 2-2 ved ordinær tid. Frank Hool og Kåre Balsnes gav stryningane leiinga to gonger, men Preben Strypet sytte for balanse i målprotokollen med sine to første mål etter overgangen frå Kaupanger. I andre ekstraomgang sette inn Balsnes og Rune Myklebust inn dei avgjerande scoringane.