Hopp til innhold

Fjøra avslutta med stil

Målfest då Fjøra vitja kystbyen i sesongens siste kamp.

Fjøra vann til slutt heile 5-0.

SISTE RUNDE I 3. DIVISJON

Florø - Fjøra 0-5 (0-3)

Kampen er i gang

3 min. Arild Underdal. Klabb og babb etter corner. Jølstringer puttar frå ti meters hald.

6 min. 0-2 Warsame Adam.

13 min. 0-3 Warsame Adam. Får stå åleine framfor mål når han sender eit innlegg i nettmaskene.

20 min. Torstein Strømsøy. Misbruker ein sjanse frå krittmerket. Straffa stryk på utsida av stolpen.

45 min. Det er pause på Florø stadion.

Kampen er i gang att.

48 min. 0-4. Arild Underdal. Driblar seg lett forbi forsvaret og set inn sitt seg lett forbi forsvaret og scorar lett. Underdal har no 21 mål i kampen om toppscorartittelen.

FSK har i følgje rapportane det meste av spelet i andre omgang og kjem til sjansar. Men nettekjenninga let vente på seg.

90 min. 0-5 Ingmar Sægrov. Glopparen får æra av å sette inn Fjøra sitt siste mål for sesongen. Dette er Sægrov sitt andre for sesongen.

90 min. Kampen er slutt og sesongen er over for Flora og Fjøra.