Hopp til innhold

Skal fjerne farleg sideterreng for å hindre ulykker

FØRDE (NRK): Eigne mannskap skal til hausten saumfare meir enn 350 kilometer riksveg i Sogn og Fjordane, på jakt etter terreng som er gjengrodd.

Vigdis Lobenz er på synfaring for å sjå etter tett vegetasjon

PÅ SYNFARING: Seksjonsleiar Vigdis Lobenz i Statens vegvesen vil fjerne vegetasjon langs riksvegane for å få ned talet på ulykker.

Foto: Ahmad Dean

Tal frå Statens vegvesen viser at farleg sideterreng kan ha medverka til halvparten av utforkøyringsulykkene her i landet.

– Dersom det er tre tett inntil vegen, eller fjellnabbar som er farlege, så er det sideterreng vi ønsker å gjere noko med, seier seksjonsleiar Vigdis Lobenz i Statens vegvesen.

Ho tek NRK med på tur forbi Slåttebakkane i Førde, der det er fleire «grøne tunnelar».

Til hausten skal eigne patruljar ut på riksvegar der fartsgrensa er minst 70 km/t. I bilen har patruljane med utstyr som gjer at dei i løpet av kort tid kan registrere farar langs vegen, og som gir dei svar på kva det vil koste å utbetre.

– Dette er ein kjapp og effektiv måte å kartlegge på, som er testa ut andre stadar i landet med stort hell, seier Lobenz.

Statens vegvesen vil rydde vegetasjonen langs vegane

GRØNE TUNNELAR: Sjåførane ser veldig lite der vegetasjonen er tett.

Stor risiko

Tal frå Statens vegvesen støttar opp under at sideterrenget kan vere eit betydeleg problem.

  • Rundt 1/3 av alle ulykkene er knytt til veg og vegmiljø
  • Sidan 2005 har meir enn 750 personar blitt drepne i trafikken i utforkøyringsulykker.
  • Farleg sideterreng kan ha medverka til 52 prosent av utforkøyringsulykkene og 20 prosent av dødsulykkene i 2016. I denne samanheng er farleg sideterreng alt frå manglande autovern til tre som står heilt inn til vegen.

– Det skal ikkje vere dødsstraff for å køyre ut av vegen. Du skal møte eit sideterreng som klarer å vippe deg inn på vegen igjen for å hindre store ulykker, seier Lobenz.

Tett vegetasjon

FARLEG SIDETERRENG: Gjengroing fører til dårlegare sikt og farlegare utforkøyringar.

Foto: Ahmad Dean
Skremte sjåførar

Fleire sjåførar NRK har vore i kontakt med, er godt kjent med utfordringane knytt til tett vegetasjon.

Sjåfør Remi Berglund i Royal Transport

SKREMT: Sjåfør Remi Berglund i Royal Transport har opplevd korleis tett vegetasjon gjer det vanskelegare å oppdage folk.

Foto: Ahmad Dean

– Det er eit stort problem. Vegetasjonen kjem for nære vegbana og det blir vanskeleg. Småbilar skjuler seg, i tillegg til folk og syklistar, seier Remi Berglund i Royal Transport.

Rob Gibson og Nick Howes, som syklar Noreg på langs, har også lagt merke til kor tett det er mellom trea.

– Eg fekk kjensla av å vere ein del av jurassic tidsalder. Det var som om ein dinosaur skulle hoppe fram. Det er særs tildekt. Som eit massivt gulv. Eg kan sjå at det farleg, seier Nick Howes.