NRK Meny
Normal

Helse Førde ventar med sengepost

Helse Førde går vekk frå planane om å bruke 50 millionar kroner dei neste fem åra på ein ny sengepost til psykiatrien.

Jon Bolstad

OMPRIORITERER: Den nye stasjonen for ambulansen er ei medverkande årsak til at Jon Bolstad og Helse Førde endrar sine planer for psykiatrisatsinga.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu/NRK

Administrerande direktør Jon Bolstad seier det ikkje blir kutta i pengane til psykiatrien, men at vil setje av ein million kroner til eit forprosjekt for å finne ut kor mykje som skal investerast seinare.

– Ein million blir brukt for å greie ut og kvalitetssikre det som kjem seinare, seier Bolstad.

Må prioritere

I investeringsplanane Helse Førde la fram i august, låg det inne 51 millionar kroner til ein ny sengepost ved psykiatrisk klinikk. I november var dette endra til ei utgreiing av sengepostprosjekt til ein million kroner.

Bolstad seier dei ikkje nedprioriterer psykiatrien, men at dei må byggje det som står øvst på blokka. Denne gong er det ein ny ambulansehelikopterstasjon.

– Så er det slik at vi ikkje har pengar i Helse Førde til å investere i medisinteknisk utstyr, å byggje eit stort bygg for ambulanse og ein eventuell psykose eller sengepost samstundes, seier han.

Fryktar for tilbod

Astrid Gytri

FRYKTAR: Astrid Gytri.

Foto: NRK

Astrid Gytri, sekretær i landsforeininga for pårørande innan psykisk helse, seier det ikkje er noko nytt for dei at psykiatrien må lide.

Ho fryktar følgjene dette vil få for dei som treng eit betre tilbod innan psykisk helsevern.

– Det har fleire gonger blitt sett av middel og oppretta arbeidsgruppe som skal sjå nærare på kva dei kan gjere for å byggje ut ein psykosepost i Førde. Eg er veldig uroa for det som skjer i Helse Førde, seier ho.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser