NRK Meny
Normal

Fjernar massane i Sløvåg

Både SFT og Alexela Sløvåg stadfestar at avfallet ved tidlegare Vest Tank blir fjerna om få veker.

Ryddearbeid ved Vest Tank

Ryddearbeid ved Vest Tank.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Laurdag denne veka er det eitt år sidan Vest Tank-ulukka i Sløvåg. Framleis ligg det 400 tonn avfall på staden. Verksemda har i lengre tid prøvd å bli kvitt avfallet som på varme dagar utviklar ei sterk lukt over kommunen.

Aktør i Norge

Tysdag stadfesta både Statens Forureiningstilsyn (SFT) og Alexela Sløvåg at ei verksemd har sagt seg viljug til å ta i mot avfallet.

- Seinast i går fekk eg vite frå verksemda at ein aktør i Norge kan ta imot dette. Då er det ikkje mange vekene før massane er vekke i frå Gulen, seier Bjørn Bjørnstad i SFT.

Fjernar luktproblem

Sjølv om avfallet ikkje er farleg, er han glad for at det no vert fjerna frå Gulen. I etterkant av eksplosjonen ved Vest Tank vart fleire innbyggjarar dårlege av den sterke lukta frå avfallet.

- Når det er varmt så vil det vere luktproblem knytt til desse massene og vi vil ikkje at innbyggjarane skal ha minne om dei luktplagene som dei hadde i fjor, seier han.

Nøgd ordførar

Glad er også ordførar i Gulen, Trude Brosvik. Ho meiner at det er på høg tid at avfallet blir fjerna - eitt år etter eksplosjonen.

- Det er på tide. No som vi hadde den varmeperioden, var det mange som kontakta meg og sa at dei ikkje ville ha ein ny sommar øydelagt av lukt, seier Brosvik.

Vegopning på Bergum i Førde kommune