NRK Meny
Normal

Vil fjerne lokalpolitikarane frå helseføretaka

Solberg-regjeringa vil fjerne lokalpolitikarane frå helseføretaka sine styrerom. – Det heng ikkje på greip, meiner senterpartileiar Liv Signe Navarsete.

Styremøte i Helse Førde 12.12.12

STYREMØTE I HELSE FØRDE: Det har vore mange lokaliseringskampar internt i Helse Førde siste åra. No vil regjeringa fjerne lokalpolitikarane frå styra for å unngå partipolitisk krangel og sikre betre avgjerder.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Den blå regjeringa meiner sjukehusa blir langt meir effektive om lokale politikarar blir fjerna frå helsestyra.

Liv Signe Navarsete

LEIAR: Liv Signe Navarsete (Sp):

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det gjer partileiar Liv Signe Navarsete (Sp) oppgitt. Ho fryktar dette vil øydeleggje for lokaldemokratiet.

– Det blir mindre folkestyre, mindre tilpassa teneste i høve til det innbyggjarane ynskjer seg og eg trur det er akkurat det denne regjeringa står for, seier ho.

For mykje økonomi

Sidan 2006 har det vore krav at politikarane skal ha fleirtal i styra, slik at regionen sjølv kan avgjere delar av helsetilbodet sitt sjølve. Regjeringa ynskjer derimot at fleire med akademisk og rette kvalifikasjonar skal ta over plassane for å styre helseføretaka på ein god måte.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

FYLKESORDFØRAR: Åshild Kjelsnes.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) meiner at det er tull at aktive politikarar i helsestyra gjer det vanskelegare å fatte gode vedtak.

– Dei kan ikkje sjå at dette skal vere noko avgrensing. Tvert imot er eg redd vi får eit fokus som blir alt for stramt på økonomi og alt for lite på pasientfokus, seier ho.

Fjernar krangel

Endringa vil formelt skje i føretaksmøte for dei regionale helseføretaka i januar 2014.

Medlem i helse- og omsorgskomiteen, Kristin Ørmen Johnsen (H), er ikkje samd i at endringa vil svekke lokaldemokratiet.

Ho trur derimot at ein ved å fjerne dei som er aktive i lokalpolitikken, vil fjerne partipolitisk krangel og få eit styre som tek betre avgjerder for sjukehusa og innbyggjarane.

Tilpassa styre

Bent Høie (Høyre)

STATSRÅD: Bent Høie (H).

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Regjeringa skriv at politisk og samfunnsmessig kompetanse framleis vil vere viktig for styra, men legg til at endringa gir eigar større fleksibilitet til å setje saman styre tilpassa utfordringsbiletet for den enkelte helseregion og helseføretak.

– Politisk kompetanse er også viktig i styra framover. Det vil difor bli nemnd opp personar til styra med politisk erfaring, men utan at dei blir knytt til eit bestemt parti, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Mindre styre

Regjeringa ynskjer også å redusere tal styremedlemer både i dei regionale helseføretaksstyra og sjukehusstyra.

– Dagens ordning har ført til at styra har blitt for store – det overordna omsynet har blitt å balansere partipolitisk tilhøyrsle, geografisk fordeling og kjønn. Storleiken på styra har i fleire samanhengar vore til hinder for gode prosessar og grundige diskusjonar, Høie.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå