Hopp til innhold

Fjernar einaste psykoseposten

Helse Førde vil legge ned den einaste psykoseposten dei har.

Psykoseposten Eira i Førde

I dette huset held psykoseposten til i dag.

Foto: NRK

Det har teke15 år å bygge opp tilbodet til pasientar som slit med psykose. No trekkjer overlege Ragnar Børsheim seg frå rådgjevarvervet.

- Dei faglege røystene i Helse Førde blir ikkje høyrde eller knapt nok spurde, seier han.

Dyrt å drive

På Hafstadflata i Førde ligg eit kvitt bustadhus som vert kalla Eira. Det er arbeidsplassen til ti behandlarar og bustaden til pasientar som slit med alvorlege psykiske problem.

Kompetansen dette huset rommar har det teke 15 år å bygge opp. Men det er dyrt å drive psykoseposten. Dermed vil helseføretaket få stor effekt på budsjettet ved å kutte her slik det ligg inne i planen til helseføretaket.

Frustrerte tilsette

Overlege Ragnar Børsheim arbeider med denne pasientgruppa seier dei tilsette er frustrerte.

- Det går utover entusiasmen. Eg merkar manglane moglegheit for olbogerom og kreativitet på grunn av frustrasjonen som blir samla over tid.

Børsheim har vore rådgjevar for sjefen for psykiatrisk avdeling i Førde, Sven Ove Alisøy. Men når det vart klart at psykoseposten ligg på hoggestabben, valde Børsheim å trekkje seg frå rådgjevarrolla.

- Det betyr at eg ikkje lenger har det medisinskfaglege ansvaret.

- Ingen vil tvinge han

Direktør for psykisk helsevern, Ole Christian Reusch, seier at dei må akseptere at Børsheim ikkje vil meir.

- Det er ingen som ønskjer å tvinge han til å halde fram i ein funksjon han ikkje ønskjer å ha. Han er avdelingsleiar på Eira og har eit driftsansvar og leiaransvar der. Så det med medisinskfagleg rådgjeving og det å vere leiar for ein avdeling som er utsett, kan vere ein vanskeleg balansegang.

Børsheim meiner han ikkje får ut utøve det faglege ansvaret fordi det er administratorar som tenkjer forskjellig frå fagfolk.

Kostbar avdeling

Den nasjonale opptrappingsplanen for psykisk helsevern er nettopp avslutta.
Det betyr at tilbodet til dei som har psykiske utfordringar skulle vore sikra også framover. Men med raude tal på blokka, meiner Reusch at også psykiatrien må ta sin del av innsparingane.

- Med tilbod til maksimum tre personar og ti årsverk så er det ei kostbar avdeling i drive. Når også psykiatrisk klinikk må redusere kostnadene sine, så må dei også vurdere kor det går an å gjere det slik at det går minst mogeleg ut over pasientane.

- Ikkje 100 prosent heldig

Dei tilsette som har hatt arbeidsplassen sin på psykoseposten vil bli flytta til psykiatrisk avdeling i Førde. Deler av post to på denne avdelinga vil bli det nye tilbodet for pasientane.

Reusch seier det heile tida har vore planen å flytte psykoseposten vekk frå Eira

- Det er dei sjukaste av dei sjuke, og også desse pasientane skulle bli ein del av det generelle sjukehustilmiljøet. No blir dei det, men som ein del av post som ikkje er hundre prosent heldig. Men vi har ikkje fått moglegheit for å byggje den psykoseposten vi skulle ha.

- 15 år tilbake i tid

Børsheim meiner opptrappingsplanen var skuffande.

- Og no kom nedskjeringskrava og vi må redusere drifta. Det betyr at vi blir sett 15 år tilbake i tid.