Hopp til innhold

Regjeringen fjerna regjeringa med eit klikk - no rasar mållaget

RegjeringA er blitt til regjeringEN. På nettsidene sine har dei nemleg fjerna nynorsk som språkval. Leiar Marit Aakre Tennø i Noregs Mållag er opprørt.

regjeringen.no

REAGERER STERKT: Marit Aakre Tennø i Noregs Mållag meiner det er rart at nynorsk no ikkje lenger er eit alternativ på regjeringa sine heimesider.

Foto: regjeringen.no / arkiv

– Det er veldig bra at ein pussar opp nettsida, men ein må ikkje pusse så godt opp at ein pussar vekk nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø.

Regjeringa har oppgradert nettsidene sine for å gjere dei meir brukarvenlege. Med nokre få museklikk på regjeringen.no kan ein trykke seg fram til kulturdepartementet, og kategorien språkpolitikk.

«Hovudmålet for språkpolitikken er blant anna å støtte opp under begge målformene som hovudmål.»

Nokre få trykk vidare kan ein finne Mållova:

«Bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vere jamstilte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune.»

– I staden for å ha ei eiga nynorskside og ei eiga bokmålside slik ein har hatt før, så skal ein no blande nynorsk og bokmål på same side. Det kan dei gjere utan å bryte mållova på noko som helst slags måte, men det går ikkje an å seie at ein skal ha 25 prosent nynorsk og så gøyme det lengst nede på sida, meiner Aakre Tennø.

– Likar dette dårleg

Uansett kor mykje ein trykker, vil ein ikkje finne sida på nynorsk, slik den var før. Mållaget er ikkje åleine om kritikken. Også kulturministeren sin partifelle i Høgre, stortingsrepresentant Bjørn Lødemel er misnøgd.

– Eg må seie det er merkeleg at dei tek vekk det nynorskvalet som har vore fram til no. Eg er sjølv nynorskbrukar, og eg brukar nynorsk på dei heimesidene der det er moglegheit for det. Det at det er teke vekk no tykkjer eg er veldig merkeleg. Eg likar dette dårleg, seier Lødemel.

Anten nynorsk eller bokmål

I regjeringa er dei forundra over kritikken. Avdelingsdirektør Erik Bollestad for informasjonsforvaltning i Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa seier dei ville styrke nynorsken ved at artiklar no blir berre publisert på ei målform, og det kan vere anten nynorsk eller bokmål.

– Eg har litt utfordringar med å forstå denne kritikken. Det har ikkje vore målet, og vil heller ikkje vere det. Vi trur dette er betre. Der ein tidlegare måtte ta eit aktivt val for å lese nynorsk, så slepp ein det no. No vil situasjonen bli at dei som normalt sett les bokmål, vil måtte lese nynorsk når det er brukt i artiklane, seier Bollestad.